LEIAR I VESTLAND BONDELAG: Anders Felde.

 

- Det har vore verdas beste jobb å vere tillitsvald i ein så god organisasjon, og for ein slik gjeng med fantastiske bønder som vi har i Vestland.  Men eg trur det er sunt for Vestland Bondelag å få ny leiar. Eg ynskjer ikkje å bli ein del av inventaret.

Det fortel Anders Felde. I 2015 vart han vald til leiar i Sogn og Fjordane Bondelag. Leiarvervet hadde han fram til 2020. Hausten 2020 vart Sogn og Fjordane Bondelag slått saman med Hordaland Bondelag. Felde vart då den første leiaren for Vestland Bondelag.

- Eg har vore leiar i totalt åtte år. Det har vore ei sann glede å få jobbe saman med vestlandsbøndene denne tida. I tillegg har eg hatt dyktige folk saman med meg i fylkesstyret, og administrasjonen. Eg er heilt imponert over kor fantastisk evne vestlandsbøndene har til å produsere god mat i eit litt utfordrande landskap, og  eit vått klima.

 

Vemodig, men rett

- Det er rett for meg å gje stafettpinnen vidare no.

Felde forklarer at han på ingen måte er lei jobben, men at han meiner organisasjonen kan ha nytte av ein ny leiar som ser ting på ein anna måte. Sjølv om Felde ikkje tek attval, lovar han å gje full gass fram til årsmøtet i mars.

- Eg skal stå på for fullt tida ut. Eg skal gje full gass for å betre rammevilkåra til bonden så lenge eg sit med leiarvervet.

 

Søker nye kandidatar

- Me fekk beskjed i november om at Felde ikkje ønska attval.

Det fortel Kari Heggenes Kvammen, leiar i valnemnda til Vestland Bondelag.

- Valnemnda er godt i gang med jobben, og søker no etter nye kandidatar. Me ser etter ein person som har tid, engasjement for bonden og som vil gjere ein solid jobb for næringa.

Kvammen fortel at valnemnda ynskjer tips til namn, og håpar folk er flinke til å spele inn aktuelle kandidatar.

- Fristen for å spele inn namn er sett til 31.desember.

 

 

Forslag til kandidatar kan sendast til Kvammen på e-postadressa: f-kvamme@online.no