-Eg syns det er vemodig
Gry Ingvild Agjeld (leiar i Vestland Bondelag) tek ikkje attval som fylkesleiar. Det har ho informert valnemnda i Vestland Bondelag om.
-Det har vore ei sann glede å få vere tillitsvald i ein så bra organisasjon.
Det fortel Gry Ingvild Agjeld. I 2023 vart ho vald som leiar i Vestland Bondelag.
-Det har vore to spennande år. Eg har lært mykje nytt. I tillegg har eg blitt kjent med mange fantastiske bønder i fylket vårt.
Agjeld kom inn i fylkesstyret til Sogn og Fjordane Bondelag i 2019. Hausten 2020 vart Sogn og Fjordane Bondelag slått saman med Hordaland Bondelag. Agjeld sat i styret til Vestland Bondelag frå samanslåinga fram til mars 2023.
-Det var ei stor oppleving å bli leiar i 2023. Eg er takksam for tilliten eg fekk.
-Det er vemodig
-Eg har bestemt meg for å gje stafettpinnen vidare, sjølv om det er vemodig er det likevel rett.
Agjeld er på ingen måte lei jobben, men i ein travel kvardag er det utfordrande å få timeplanen til å gå opp. Sjølv om Agjeld ikkje tek attval, lovar ho å gje full gass fram til årsmøtet i mars.
-Eg skal stå på tida ut, så lenge eg sit med leiarvervet står eg på for Vestlandsbonden. Bondelaget er eit supert lag. Vi er klar for å gå framover med full fart inn eit svært spennande år med Stortingsval og eit særs viktig jordbruksoppgjer.