STOLT BONDE: Rolf-Daniel Midtun. 

 

-  Eg har alltid hatt ei interesse for landbruk, seier Rolf-Daniel Midtun. 

32-åringen frå Eivindvik fortel at bonde-yrket er gjevande, interessant og utfordrande. 

- Ein må jobbe på lag med naturen. Det er veldig mange variablar ein må ta omsyn til i det daglege. Ein må ta utfordringane som dei kjem, og tilpasse seg så best ein kan. 

 

Innleiar på samling for unge bønder

FØREDRAG: Midtun snakka om gardsdrifta si, og ulike val han har teke oppgjennom. 

 

- Det å halde føredrag på Skei til unge bønder var ei grei oppleving, seier Midtun. 

Under samlinga fekk dei 50 frammøtte høyre om garden hans, og val han har teke angåande gardsdrifta. 

- Eg fekk snakke til andre med same interesse som meg sjølv, og tenkjer det kan ha vore greit for dei å høyre korleis andre i deira situasjon har valt å gjere ting. 

 

Engasjert kar

MYKJE Å GJERE: Rolf-Daniel Midtun. 

 

- Eg har i fleire år hatt ulike verv i TINE, Senterpartiet, Bondelaget og hjortevaldet.  

Korleis får du tid til alt?

- Ein må disponere tida si godt.  Eg tek på meg ulike verv fordi det er interessant, i tillegg har eg mine tankar om korleis eg sjølv meiner ting burde vore gjort. Difor er ulike verv ein god arena for å kunne påverke.