GRUNN TIL Å SMILE: Sigmund Vereide.

 

- Eg veit ikkje kor mange som var på torgdagen i år, men det var vedig mange seier Sigmund Vereide.

For sjuande gong vart Matamål arrangert, og festivalsjefen trur det vart publikumsrekord. 

- Det var kjekt å sjå så mykje folk. I år var det 47 påmeldte lokalmatprodusentar, og fleire av dei gjekk tom for varer.

Vereide fortel at tilbakemeldingane har vore positive og at det motiverar. 

- Det betyr alt. Det ligg mykje jobb bak Matamål, men det er absolutt verdt det. No skal me snart starte å planlegge Matamål 2017. 

 

Sogn og Fjordane Bondelag var på plass

VERVA NYE MEDLEMMER TIL BONDELAGET: Nils Magne Gjengedal sto på stand for Sogn og Fjordane Bondelag.

 

- Det er viktig at Sogn og Fjordane Bondelag er på denne matfestivalen. Dette er jo ei markering av maten bonden produserar.

Nils Magne Gjengedal sit i styret til Sogn og Fjordane Bondelag, han sto på mellom anna på stand under Matamål. 

- Me fekk fleire nye medlemmer til Bondelaget i dag, det er eg glad for. Det var kjekt å stå her, prate med folk og diskutere landbruk. Dessutan var me veldig heldige i år, for leiaren i Norges Bondelag tok også turen til Sandane. 

Kva tenkjer du om det?

- Det var veldig flott. 

 

- God matkultur

KOSA SEG: Leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes.

 

- Festivalar som Matamål betyr mykje. Då kan me som levrandørar bli kjent med forbrukaren. 

Lars Petter Bartnes, leiar i Norges Bondelag, fekk æra av å opne torgdagen 2016. 

- Det var kjekt, eg forsøkte å ta tak i mangfoldet av matproduksjonen som er i Gloppen.  

Kjem du tilbake neste år?

- Det vil kalenderen og tida vise, men eg har lyst. Eg tek med meg mange gode minner frå dagen i dag. 

 

 

Fleire bilder frå Matamål kan du sjå her.