NY LEIAR I VESTLAND BONDELAG: Gry Ingvild Agjeld.

 

- Det er eit stort verv, eit viktig verv og ikkje minst eit krevande verv.

Det seier Gry Ingvild Agjeld, nyvald leiar i Vestland Bondelag.

- Eg kjenner på litt frykt og ærefrykt. Litt frykt fordi det er så mange og dyktige bønder eg skal vera tillitsvald for, og det er krevjande tider. Ærefrykt fordi det er så utruleg dyktige folk som har gått føre, som har lagt lista høgt, og denne lista må eg prøve å ta med meg vidare.

Agjeld fortel at ho ynskjer jobbe hardt, og skal gje alt for å løfte inntekta til bøndene i Vestland.

- Det er det ikkje noko alternativ til, slår ho fast.

 

Går spennande tider i møte

TALAR TIL ÅRSMØTET: Gry Ingvild Agjeld sin første tale som fylkesleiar. 

 

- Eg er heilt sikkert på at dette blir givande, kjekt og at det er mogleg å gjera ein forskjell.  Eg har tru på at vi skal fortsette å produsere mat i Vestland dei neste tusen åra, og eg meiner vi har fantastisk gode forutsetningar, men vi må få trua attende på at dette nytter.

Agjeld er klar til innsats, og sit med friskt pågangsmot.

- Vi skal løfte hovudet og seie at det er viktig for verda at vi som er bønder i Vestland produserer mat.