LEIAR I VESTLAND BONDELAG: Gry Ingvild Agjeld.

 

- Avstanden er stor, seier fylkesleiar Gry Ingvild Agjeld.

Jordbruket sitt krav er på 6,9 mrd.kr. og staten sitt tilbod er på 3,341 mrd.kr.

- Eg er veldig skuffa, og hadde håpa på eit betre tilbod. 

Kravet frå Norges Bondelag prioriterte tetting av inntektsgap mot andre grupper med 120 000 kroner per årsverk. Staten sitt tilbod legg opp til å redusere inntektsgapet med 40. 000 kroner.

- Tilbodet syner ein form for vilje til å redusere avstanden, men det er ikkje godt nok. Det må langt meir til for å sikre norsk landbruk i framtida.

 

Avgjerande med større inntektsløft

- I kravet til Bondelaget vart det lagt stor vekt på kva type landbruk vi skal ha i framtida.  Vi la vekt på mellom anna satsing av mjølk, betre velferdsordningar og eit meir berekraftig landbruk.

Agjeld fortel at skal folk vere i næringa, eller ynskje å gå inn i næringa må inntekta opp.

- Skal tvilen til bøndene forsvinne, må lønsemda i landbruket betrast betydeleg. Det er uheldig at staten baserer seg på å stadig etterbetale bonden i form av kostnadskompensasjon framfor å auke inntektsmoglegheitene. Dette gir ein vanskeleg økonomisk situasjon for mange og det skaper ikkje framtidstru.

Leiaren i Vestland hadde håpa på eit langt betre tilbod, og er særskild skuffa over at dei små og mellomstore bruka i distrikta ikkje er prioritert.

- Dette tilbodet er eit dårleg svar på målsettinga om eit berekraftig landbruk i heile landet, og ein matberedskap som sikrar norske menn, kvinner og barn trygg, sunn mat produsert på norske ressursar.

 

 

No skal Norges Bondelag lese tilbodet nøye, og vurdere grundig korleis det slår ut for bøndene og norsk matproduksjon framover. På bakgrunn av gjennomgangen vil Norges Bondelag avgjerde om det er grunnlag for å gå i forhandlingar med staten eller ikkje.