LEIAR I VESTLAND BONELAG: Gry Ingvild Agjeld.

 

- Mjølkeproduksjonen står for 50 % av verdiskapinga frå jordbruket i Vestland.  Når denne produksjonen får kraftig fall i inntektene, påverkar det framtidsutsiktene for ei heil næring som også står framfor store investeringar ved overgangen frå båsfjøs til lausdrift.

Det fortel Gry Ingvild Agjeld, leiar i Vestland Bondelag. Tala frå budsjettnemnda dannar grunnlag for vurdering av den økonomiske stillinga i jordbruket, og vert brukt som utgangspunkt for dei årlege jordbruksforhandlingane.

- Tala stadfestar ein tøff økonomisk situasjon for mjølkeprodusentane, og syner at heile landbruksnæringa treng eit kraftig inntektsløft.

 

Lågare samla inntektsvekst enn forventa

- Tala syner også at samla inntektsvekst for jordbruket i 2023 er lågare enn forventa , og det er samla ingen reell inntektsvekst. 

Det er stor variasjon i inntektsutviklinga både i og mellom dei ulike produksjonane i jordbruket. Inntektsutviklinga frå 2022 til 2023 var på 12.700 kr, omlag 15.000 kr. lågare enn forutsett. Sidan dette er gjennomsnittlege tal, betyr det også at mange bønder står i ein endå tøffare situasjon.

-  Eg er særleg uroa for den låge lønsemda hos mjølkebonden. Låg inntektsvekst over tid gjer også at utryggleiken er stor, og inntekta nærmar seg faretruande 2015-nivå. 

Ifylgje Agjeld  må inntektene løftast kraftig for å snu den negative utviklinga.

- Vi er svært sårbare i Vestland då vi framleis har fleire enn 500 mjølkeprodusentar som står overfor store investeringar med overgangen frå båsfjøs til lausdrift, då kan ikkje inntektsutviklinga gå feil veg.

 

Fleire årsaker 

Budsjettnemnda peikar på fleire årsaker til inntektsfallet for mjølkebonden. I mjølkeproduksjonen vert det nytta mange av dei innsatsfaktorane som er vortne dyrare, renteauken kjem for fullt, lågare etterbetaling frå Tine og mjølkevolumet vert mindre fordi forbrukar drikk mindre mjølk.

Det er mange eksterne faktorar som fell saman og som i sum gjev eit veldig dårleg resultat for mjølkebonden.

-  Årets oppgjer må gje vestlandsbonden  framtidstru gjennom kraftig inntektsvekst og politisk vilje, og det er heilt avgjerande at mjølkeproduksjonen vert løfta, avsluttar Agjeld.

 

Jordbruket leverer sitt krav tysdag 26.april.

 

 

Bakgrunn

Kva er Budsjettnemda for jordbruket?

Budsjettnemnda er sett saman av representantar for  Norges Bondelag, Norsk bonde- og småbrukarlag, Statistisk sentralbyrå, Klima- og miljødepartementet, Finansdepartementet og Landbruks- og matdepartementet.   NIBIO (Norsk institutt for bioøkonomi)  har sekretariatsfunksjonen.   Nemnda skal legge fram materiale som grunnlag for vurdering av den økonomiske stillinga i jordbruket, og blir brukt som utgangspunkt for de årlege jordbruksforhandlingane. Inntektsutvalet la fram sin NOU i oktober 2022, med forslag til endringar i talgrunnlaget.  Forslagene er ikkje politisk handsama. 

 

Meir om talmaterialet frå Budsjettnemnda for jordbruket

Jordbruksoppgjeret 2022

Av totalramma på 10,9 mrd.kr. gjekk størstedelen til å dekke ekstraordinære kostnadar både for 2022 og 2023. Det var føresett ei tetting av inntektsgapet mellom bonde og andre grupper på 40.000 kr., noko som tilsvara 1,6 mrd.kr. av den totale summen.

Høgt kostnadsnivå

Frå 2021 til 2022 auka kostnadane i landbruket med 10,5 prosent, og med ytterlegare 9,8 prosent frå 2022 til 2023. Inflasjonen i samfunnet er i 2023 anslått til å bli 5,0 prosent. 

Kostnadsveksten har samla sett stabilisert seg, men på eit høgt nivå samanlikna med for eit par år sidan. I tillegg til prisveksten på gjødsel og kraftfôr kjem kraftig auke i prisane på plast, diesel, plantevernmidlar, maskiner og andre innsatsfaktorar.