Dokumentasjon av trong er avgjerande
Grøntnæringa i Vestland treng mykje arbeidskraft utover våren, og særleg i den intensive perioden med hausting frå slutten av juni og ut september er trongen stor. - Vi registerer uro mellom medlemene på om det let seg gjere å få tak i den arbeidskrafta som trengst seier leiar i Grøntutvalet i Vestland Bondelag Kari Sigrun Lysne.
Vestland Bondelag har vore i møte med NAV for å undersøke i kva grad det finst arbeidskraft i Norge som kan gjere jobben. Svaret frå NAV er at noko arbeidskraft finst, men på langt nær nok til å kunne få gjort jobben. I Vestland er mange av dei arbeidsledige permitterte frå reiselivsbransejn, og ein går ut frå at dei vil vere attende hos arbeidsgjevarane sine når turistseongen tek til. Turistsesongen fell ofte saman med den travlegaste tida i grøntnæringa. Når det gjeld ungdom vert grøntnæringa oppmoda av NAV om å tenkje annleis. Dagens ungdom er i gjennomsnitt kanskje ikkje like viljuge til å jobbe heile sommaren slik dei aller fleste var i forrige generasjon. Dei er vakse opp med større fridom og lang sommarferie.
- Vi vil oppmode næringa om å ta inn noko meir arbeidskraft som bur i Norge, enn det som har vore vanleg dei siste åra. - Det er viktig at vi gjer eit forsøk og ikkje berre seier at norsk ungdom ikkje du, seier Kari Sigrun Lysne. Frå NAv har vi fått namn på dei som er råd å kontakte i dei ulike regionane.
Kontaktpersonar hos NAV
Desse kan kontaktast for å etterspørje arbeidskraft som er i Norge:
Region |
Kontaktperson |
E-postadresse |
Telefon |
Voss / Hardanger |
Ann Kristin Mæland Vedå |
928 63 590 |
|
Nordfjord |
Silje-Katrin Opheim |
911 14 246 |
|
Sunnfjord |
Anna Cecilie Midttun |
412 92 671 |
|
Sogn |
Jonas Grotle Førde |
452 44 030 |
Dokumentasjon, dokumentasjon, dokumentasjon
Om du treng utanlandsk arbeidskraft er det avgjerande at den du ynskjer inn til landet har absolutt alle papir i orden. Det er mykje arbeid og dokumentasjon som må ligge føre. I lenkjene nedanfor finn du mykje informasjon på tema. mellom anna om den nye ordninga som Landbruksdirektoratet administrerer vedrørande dokumentasjon av trongen for arbeidskrafta.
Om Landbruket og koronaviruset på Norges Bondelag sine sider