Vestland Bondelag har vore i møte med NAV for å undersøke i kva grad det finst arbeidskraft i Norge som kan gjere jobben.  Svaret frå NAV er at noko arbeidskraft finst, men på langt nær nok til å kunne få gjort jobben.   I Vestland er mange av dei arbeidsledige permitterte frå reiselivsbransejn, og ein går ut frå at dei vil vere attende hos arbeidsgjevarane sine når turistseongen tek til.  Turistsesongen fell ofte saman med den travlegaste tida i grøntnæringa.  Når det gjeld ungdom vert grøntnæringa oppmoda av NAV om å tenkje annleis.  Dagens ungdom er i gjennomsnitt kanskje ikkje like viljuge til å jobbe heile sommaren slik dei aller fleste var i forrige generasjon.  Dei er vakse opp med større fridom og lang sommarferie. 

- Vi vil oppmode næringa om å ta inn noko meir arbeidskraft som bur i Norge, enn det som har vore vanleg dei siste åra. - Det er viktig at vi gjer eit forsøk og ikkje berre seier at norsk ungdom ikkje du, seier Kari Sigrun Lysne.  Frå NAv har vi fått namn på dei som er råd å kontakte i dei ulike regionane.

Kontaktpersonar hos NAV

Desse kan kontaktast for å etterspørje arbeidskraft som er i Norge:

Region

Kontaktperson

E-postadresse

Telefon

Voss / Hardanger

Ann Kristin Mæland Vedå

Ann.Kristin.Meland.Veda@nav.no

928 63 590

Nordfjord

Silje-Katrin Opheim

Silje-Katrin.Opheim@nav.no

911 14 246

Sunnfjord

Anna Cecilie Midttun

Anna.Cecilie.Midttun@nav.no

412 92 671

Sogn

Jonas Grotle Førde

Jonas.Grotle.Forde@nav.no

452 44 030

 

Dokumentasjon, dokumentasjon, dokumentasjon 

Om du treng utanlandsk arbeidskraft er det avgjerande at den du ynskjer inn til landet har absolutt alle papir i orden.  Det er mykje arbeid og dokumentasjon som må ligge føre.  I lenkjene nedanfor finn du mykje informasjon på tema.  mellom anna om den nye ordninga som Landbruksdirektoratet administrerer vedrørande dokumentasjon av trongen for arbeidskrafta.

Om Landbruket og koronaviruset på Norges Bondelag sine sider