Saman med nestleiar Peder Nernæs, styremedlem og medlem i Arbeidsutvalet Gry Ingvild Agjeld og styremedlem Marianne Nordhus har fylkesleiaren invitert leiarane i lokallaga til møte på Zoom.  

På agendaen i møta har stått innleiingar om jordbruksforhandlingane og klima.  Det er også mogleg for leiarane i lokallaga å kome med spørsmål og innspel.

3 møte er gjennomført sist veke og i kveld den 7. desember klokka 20:00 vert det siste møtet gjennomført.  Om du er lokallagsleiar og eigentleg skulle ha delteke sist veke, men noko kom i vegen, så er det mogleg å delta på kveldens møte, seier Felde.  Peder Nernæs og Gry Ingvild Agjeld inviterer til møte klokka 20:00.   Om du er lokallagsleiar og vil vere med så kontakt kontoret og be om lenkja til møtet.  Send e-post til vestland@bondelaget.no 

Frå møtet tysdag 1. desember