Digital samling for valnemndene i lokallaga

Måndag 12. september og torsdag 15. september vil Nils Magne Gjengedal frå fylkesstyret ha ei innføring i lokalt valnemndsarbeid for lokallaga. Det er lov for alle i styret å delta.
Velkomen til kurs i valnemndsarbeid
Måndag 12. september klokka 20.00 på Teams
Torsdag 15. september klokka 20.00 på Teams
Kurset varar 1 til 1,5 time.
Kursleiar er Nils Magne Gjengedal frå fylkesstyret
Grunnlaget for eit godt lokallag er eit godt styre, og valnemnda har den viktige oppgåva å finne tillitsvalde.
Målet med kurset er å fremje viktigheita av arbeidet i valnemnda, gje tips om korleis ein skal arbeide og kva som er viktig å leggje vekt på. Mange har kanskje vore med i valnemnda før, men det kan likevel vere nyttig å setje av ein time til litt påfyll.
Det er høve for heile styret å delta, det kan vere greitt å vite litt om valnemndsarbeidet.
Innhaldet vert det same begge kurskveldane, slik at kvar deltakar melder seg på eitt kurs.
Påmelding
Påmelding via Questback innan 8. september.