- Vi opplevde at dette er eit ynskje frå næringa, så då rydda både NAV og vi plass til møta, held Felde fram 

Produsentar av frukt, bær, grønsaker og potet førebur ny sesong.   Mykje tyder på at denne sesongen også vil verte prega av koronasituasjonen.  I samsvar med ynskje frå næringa i møte den 22. mars inviterer vi difor til dialogmøte med NAV regionalt.  Medlemer og representantar for mottak av frukt, bær og grønsaker har fått invitasjon til møte i TEAMS, med oppmoding om å melde seg på i kvar sin region.

NORDFJORD:  Fredag 26.mars 2021 klokka 12:00-13:00
VOSS/HARDANGER: Fredag 26. mars 2021 klokka 13:00-14:00
SOGN: Fredag 9. april 2021 klokka 09:00-10:00

Meld deg på her 

Siste frist for påmelding er fredag 26. mars klokka 08:00. Innkalling til møta i TEAMS vert sendt ut på e-post kort tid etter at påmeldingsfristen er gått ut.

Her finn du programmet for møta

Det var med bakgrunn i tilbakemeldingane i produsentmøtet den 22. mars at Vestland Bondelag fekk i stand dialogmøta mellom regionale representantar frå NAV og produsentar av frukt, bær, grønsaker og potet i fylket.   Næringa står framfor nok ein utfordrande sesong.  Fylkesleiaren gav produsentane stor honnør for jobben som vart gjort under vanskeleg tilhøve i 2020 utan å få koronasmitte i åkeren. - No står ein ny seong for tur med mange av dei same utfordringane som i 2020, så eg har full forståing for at det røyner på, sa Felde til dei kring 60 produsentane som deltok i møtet den 22. mars. 

Det kviler eit alvor over situasjonen i grøntnæringa i desse dagar, men det er håp om at det lysnar steg for steg fram mot hausting.  Biletet er frå møte med produsentane 22. mars. Nede f.v. Astrid Solberg, organisasjonssjef i Norges Bondelag, landbruksdirektør Christian Rekkedal, leiar i Grøntutvalet i Vestland Bondelag Kari Sigrun Lysne og fylkesleiar i Vestland Bondelag Anders Felde.

Vi står i ein situasjon der vi skal arbeidet for eit større innslag av norsk arbeidskraft i næringa samstundes som det vil vere heilt avgjerande å få inn arbeidskraft frå utlandet.   Dialogmøta med NAV vil ha ei viktig rolle i jakta på norsk arbeidskraft.  Det er viktig å verte kjende med kvalifikasjon og trong for arbeidskraft.