ARBEIDSGRUPPA FOR AGRONORDVEST: Dag Arne Helle (Felleskjøpet), Anita Sæther (Sogn og Fjordane Bondelag), Norunn Ulvedal (Tine) og Ingvill Jørgensen (Nortura).

 

- Det er verdt å få med seg heile programmet på AgroNordVest. 

Det seier Anita Sæther. Rådgjevaren i Sogn og Fjordane Bondelag fortel at AgroNordVest er ein møtestad for bønder, der dei kan få fagleg og sosialt utbytte. Ho legg til at arrangementet er ope for alle som har interesse for det.  

- I år skal me arrangere ein fagdag, der tema er grovfor. Me håpar at så mange som mogeleg vil vera med. Dersom ein ynskjer å delta, kan ein melde seg på deltager.no. Der kan ein også betale eigendelen på 200 kroner, som også inkluderar lunsj. 

 

Aktuelle tema

- På møte i dag diskuterte me marknadsføring av arrangementet. Eg trur AgroNordVest er noko veldig mange har interesse av. Temaet er jo grovfor og areal, og ikkje minst innhaustingsforhold. Det er noko fleire bønder har hatt problem med på seinsommaren. 

Kva blir høgdepunktet på AgroNordVest 2016?

- Det er vanskeleg å trekke fram eit spesielt foredrag. Me har mange flinke folk som kjem for å prate om areal og grovforproduksjon. 

 

Programmet for AgroNordVest 2016, finn du her.