I fylkeshovudstaden er frukthagane i ferd med å bløma, og det gjer det òg på satsingssida, med eit stort nytt fruktfelt som er rett rundt hjørna. Lembinga har gått bra og bøndene melder om mange friske lam, og ein del av dei har no fått grønt gras under føtna. Våren er godt i rute hjå oss, helsar formann Bjørn Sølsnæs i Leikanger Bondelag (ja, hjå dei heiter det framleis formann).

Frukthagane blømer, som her på Hamre, men vårens visuelt vakraste eventyr er berre så vidt i gang. (Foto: Bjørn Sølsnæs)

Lembinga er for det meste eit tilbakelagt stadium, og mange sauer og lam har no fått grønt gras under føtna, som her på Njøs. (Foto: Bjørn Sølsnæs)

For ei tid sidan sette Erling Gjerde ny rekord i grisefjøsen, med fire kull på 17 i snitt og det største på 24. Då fekk kommunens siste grisebonde syna godt att på framsida i avisa. (Foto: Bjørn Sølsnæs/Sogn Avis)

 

I Husabø er bøndene frå Halland og Fosshagen i gang med dei siste førebuingane til utplanting av eit stort nytt fruktfelt. Nest etter kraftutbygginga er dette årets største næringssatsing i Leikanger. (Foto: Bjørn Sølsnæs)

Medan da blomar og gror i Leikanger, ligg snøen framleis på bøane og fjellsida i Veitastrond. Det tek framleis nokon dagar før det blir våronn på Veitastrond helsar lokallagsleiaren Jimmy Hilleren. 

Snødekte fjell og bøar på Veitastrond (Foto: Jimmy Hilleren) 

I bakkane ned mot gardstunet er det bart, men snøen ligg framleis på bøane. . (Foto: Jimmy Hilleren) 

Ein må tolmodig vente ei stund til på å få starte med våronna på denne bøen. (Foto: Jimmy Hilleren) 

Hos Stig Asle Midtbø, leiaren i Norddalsfjord Bondelag har det denne veka gått i utkøyring av møk på grøne bøar. I bakgrunnen skimtar ein snødekte fjell. 

Grøne bøar er klar for å bli spreiia med møk i Norddalsfjorden (Foto: Stig Asle Midtbø)

Traktoren er eit viktig hjelpemiddel på garden. Her i aksjon med å spreiie møk. (Foto: Stig Asle Midtbø)