Møteleiar Renate Rendedal oppsummerte det dei fleste av oss tenkte på godt sognavis – Det var no litt pjuske å sitte kvar for oss bak ein pc-skjerm. Me skulle jo aller helst ha vore samla i lag alle saman.

Planen var å samle alle på Scandic Voss, men grunna smittebilete og nye restriksjonar var det kun møteleiar, fylkesleiar, nestleiar og leiar i valnemnda som var samla på Voss. Resten av utsendingane og gjestane deltok via Zoom.

Anders Felde, Renate Rendedal og Ole Bjarne Hovland på plass på Voss Scandic.

– Det var ikkje slik me såg føre oss å avslutte historia for Sogn og Fjordane Bondelag, men gitt dagens situasjon måtte det bli sånn, seier avtroppande leiar, Anders Felde. I opningstalen sin rosa Felde lokallaga. – Det har vore ei glede å vere med på årsmøta rundt om i fylket. Lokallaga og medlemen er blodpumpa i organisasjonen, og de skal stille krav til oss. Det engasjementet som de har må vi ta vare på og ta med inn i utviklinga av Vestland Bondelag, seier Felde.

Korona har gjort prosessen med å skipe Vestland Bondelag noko meir utfordrande. Sjølv om det ikkje er ideelt å måtte ta eit så viktig møte digitalt, så ville ei utsetjing av møtet vere eit dårlegare val.

Den viktigaste saka i det ekstraordninære årsmøtet var førebuande vedtak til skiping av Vestland Bondelag. Her vart det vedteke at intensjonsvedtaket frå fylkesårsmøtet i Sogn og Fjordane Bondelag 5.mars 2020 vert gjennomført i Skipingsmøtet den 12.november 2020. Dermed kunne møteleiar slå i bordet for at Sogn og Fjordane Bondelag er historie og Vestland Bondelag skal skipast.

Felde gjekk deretter på talarstolen og takka dei andre avtroppande styremedlemmene og administrasjonen. - Landbruket i fylket hadde ikkje vore det same utan Sogn og Fjodane Bondelag. Han takka dei andre i styret for godt samarbeidog fantastisk engasjement, og administrasjonen for arbeid langt ut over det ein kan forvente. - Det viktigaste er at vi aldri skal gløyme oppdragsgivaren vår, nemleg vestlandsbonden, avslutta Felde.

Fleire av deltakarane tok ordet og takka fylkesstyret for innsatsen dei har gjort og ynskte dei lykke til vidare.  

Styremedlem Kari Sigrun Lysne tok ordet og skraut over engasjementet i Sogn og Fjordane. - Eg håpar me kan møtast att snart!

Leiar i Jølster Bondelag, Geir Støfring, takka fylkesstyret for innsatsen og ynskte lykke til vidare.

Per Hilleren kom med helsing til fylkesstyret og administrasjonen.

Ein gjeng frå Gloppen Bondelag, Breim Bondelag, Henden Bondelag og Hyen Bondelag hadde samla seg på Gloppen Hotell for møtet.

Nils Kjøsnes frå Stardalen Bondelag kom med helsing og takk til fylkesstyret for innsatsen.

Møtet vart avslutta med at alle som kunne slo på kamera sine og sa takk for møtet. Det var ikkje heilt lett å få tatt gruppebilete av alle samstundes sia det var så mange, men her kan de sjå den flotte buketten. :)

Torsdag 12.november er det klart for skipingsmøte for Vestland Bondelag.