Det var ,som vanleg ein engasjert og tydeleg leiar som held si siste tale til fylkesårsmøtet i Vestland Bondelag.  Etter nesten 6 år som leiar i Sogn og Fjordane Bondelag og 2 år som leiar i Vestland Bondelag takkar han for seg som leiar på årsmøtet sin siste dag i morgon fredag 10. mars.  Nedanfor kan du lese heile tala til Anders Felde.

Er det ei framtid som mjølkeprodusent i Vestland ? Er det behov for ammekua i grasområda ? Er det behov for den spreidde eggproduksjonen vi har i Norge ? Skal vi beholde distriktsgrisen ?  Er det mogeleg å løfte grøntproduksjonen i Vestland ?

Svaret på desse spørsmåla er eit rungande JA !  Men svaret betingar også at politikarane er villige til å prioritere desse produksjonane med betre lønsemd, samtidig som vi må få på plass meir politikk. Liberaliseringane av landbrukspolitikken viser seg i ulike rapportar som vanskeleg å reversere. Spesielt synest eg byråkratane problematiserer forslag til endringar både i kvoteregelverk og strukturendringar vel mykje. Men også internt i næringa er meiningane sprikande. Nye trappetrinn i arealtilskota i dei ulike produksjonane, vil gi omfordeling av pengar, frå dei store til dei mindre bruka. Endringar i kvoteregelverket må prioritere den aktive mjølkeprodusentane framfor kvoteeigar som ikkje lenger produserer mjølk. Det gir meir politikk i matproduksjonen, det gjer det lettare å nå dei breie politiske målsettingane og det gjer framtidsutsiktene lysare for eit landbruk over heile landet. Skal vi få endringar i landbrukspolitikken må Sandra Borch «tøffe» seg litt også opp mot sitt eige byrakrati.  Eg seier so Vømmøl Spelemanslag;De e itj no som kjem tå seg sjølv.

Skryt til politikarar som prioriterer landbruket

Det er mogleg å behalde mjølkevolumet på Vestlandet og i Nord-Norge, til tross for lausdriftskravet, det er mogeleg om politikarane vil. Vi har politikarar som bryr seg både lokalt, regionalt og nasjonalt. Vestland Fylkeskommune løyvde 10 mill kroner av 2021 overskotet til å stimulere ekstra til lausdriftsfjøs i 2022. Seint i 2022 løyvde Vestland Fylkeskommune 3,1 mill kroner til auka verdiskaping i frukt, bær og grøntnæringa. Skryt til politikarane med Jon Askland i spissen, og skryt til gjengen på næring med Endre Høgalmen som vi har mest med å gjere. Samtidig har vi eit godt samarbeid med Statsforvaltaren som har god kontakt med næringa og tørr å adressere utfordringane landbruket står i. Vi står ikkje åleine, vi har også ein kunnskapsrik gjeng i offentleg sektor som heiar på landbruket i Vestland. Det er viktig at vi saman mobiliserer til ei satsing på landbruket i Vestland.

I statsbudsjettet forliket for 2022 sa SP, AP og SV følgjande: …«ber regjeringen legge fram en forpliktende og tidfestet plan i løpet av 2022 for å tette inntektsgapet. Det skal tettes uavhengig av bruksstørrelse, produksjon og landsdel».

Framleis ser vi lite til ein forpliktande og tidfesta plan for tetting av inntektsgapet. Her leverer regjeringa IKKJE. Samtidig har landbruks og matministeren vore tydeleg på at dette IKKJE skal stå i vegen for tetting av inntektsgapet. Slik Vestland Bondelag ser det er dette ein marsjordre om ei betydleg tetting av inntektsgap og om å prioritere mjølk, distrikt og struktur i årets jordbruksoppgjer.

Fjorårets jordbruks oppgjer var bra. Vi fekk kompensert kostnadsveksten, vi fekk etterrekna kostnadsutviklinga tilbake til -21 (det har ikkje skjedd før), og vi fekk tetta inntektsgap. VI fekk løfta sauen, vi fekk på plass nye verkemiddel knytt til bær, kornøkonomien fekk eit stort løft,  vi fekk eit kraftig løft i investeringsverkemiddela, og faktisk vart struktur prioritert spesielt på mjølk og sau. Samtidig har kraftfôrprisen stege meir enn berekna og mjølkeprisen til bonde har utvikla seg svakare enn målpris. Det betyr at utviklinga av mjølkeinntekta har vore svakare enn vi la til grunn for eit år sidan.

Regjeringa har levert på straumstøtte og forlenga den ut 2024, dette gir oss matprodusentar ein viktig tryggheit. Alt er ikkje bra i norsk landbruk, men eg meinar vi må kunne skryte av det regjeringa har levert. Det er ikkje ein sjølvfølgje, dei kunne prioritert annerleis. Landbruk har vore prioritert i ei tid med stor kostnadsvekst for alt næringsliv og for kvarmannsen. Takk for hjelpa til Jonas, Trygve og Sandra !! Matprodusentane set pris på at regjeringa frontar matproduksjonen i eit beredskapsperspektiv. Men jobben er ikkje ferdig !

Forventningane er store

Forventningane til regjeringa er framleis store, og det skulle berre mangle. Dei laga sjølve ei regjeringserklæring som bidrog til framtidstru for oss matprodusentar. Det hastar med å levere på overgang frå kronetoll til prosenttoll, det hastar med å få vekk dei konkurransefremmande verkemiddela i PU-ordninga og det hastar med å få fastslått nye grunnlagstal og metode for inntektsmåling. Men mest av alt hastar det med å tette inntektsgapet, og vi forheld oss framleis til vårt eige mål om at inntektsgapet skal tettast i løpet av Stortingsperioden. Det betyr at i år må vi tette knappe 35 % av inntektsgapet ettar at kostnadsvekst er dekka inn i «vårens vakraste eventyr», sjølv om vi også i år skal måle inntektsutvikling. Jamstilling av inntekt på nivå med andre grupper er avgjerande for at bønder skal forsette jobben som matprodusentar, kampen om arbeidskrafta bli hard dei komande åra, også i Vestland. Og mange vil stå i eit val mellom matproduksjon eller ein anna sivil jobb. Saman med regjeringa må vi sørgje for at det er framtidsutsikter å forsette som matprodusent.

Vi har i lenger tid sagt at vi skal prioritere mjølk i årets oppgjer, og dette såg det ut til at de i lokallaga var einige i dei innspela vi har fått. WTO sine «reglar» for støtte kan ikkje stå i vegen for eit inntektsløft i mjølkeproduksjonen. Det kan bety at mjølk eller korn må ut av målprissystemet. Vestland Bondelag er i sitt innspel tydlege på at vi må inn med eit tilskot pr. liter på ein eller anna måte, vi greier ikkje å løfte mjølkeprisen nok. Alt etter innretning vil dette havne i blå eller gul boks. Vi vurderer eit bærekraftstilskot med ulike parameter (til dømes lausdrift, klimakalkulator, klimahandlingsplan) på totalt  20-50 øre pr liter, og med eit tak på til dømes 400 000 liter. Dette kjem i tillegg til eit løft i målpris og prioritering av pyramidetilskot. Summen av tiltaka vi ber om innan mjølk vil utgjere nærare 2 kroner pr liter, eller 3 mrd kroner. Dette må til for å sikre framtidstru i mjølkeproduksjonen, og for å sikre at mjølkeproduksjonen framleis blir liggande i distrikta.

Vi ber om trappetrinn på alle arealtilskot, vi prioriterer beitetilskot for å auke inntekta på sauen, og vi prioriterer også distrikt, struktur og velferd tydeleg i årets oppgjer. Vestland ligg svært langt bak inntektsmessig, i fleire produksjonar, målt mot landet. Dette kan føre til at fleire i våre områder prioriterer andre jobbar framfor det å vere matprodusent. Det vil utfordre sjølvforsyning, busetting og verdiskaping.

EG opplever at vi har god kontakt med dei fleste parti i eige fylke. Samtidig er eg uroa for ein del av signala frå leiinga i Høgre. Kanskje har vi prioritert dei for lite etter regjeringsskiftet. Forutsigbare rammevilkår er avgjerande for oss matprodusentar. Eg meinar difor at eit breit politisk fleirtal er avgjerande når Grytten sin NOU skal gjennom Stortinget. Skal vi greie det MÅ både lokallag, fylkeslag og Norges Bondelag sentralt, prioritere å jobbe breitt politisk i tida som kjem, og ikkje gløyme dei borgarlege partia.

Er det i tråd med FN sine bærekrafts mål å redusere norsk matproduksjon, for å legge beslag på areal i utlandet ?

FN seier at det ikkje lenger berre er ei skeivfordeling av maten i verda, det er faktisk for lite mat. Det er skivebom når enkelte tek til orde for at redusert forbruk av raudt kjøt er eit avgjerande grep for eit betre klima. Samtidig skal vi vere tydelege på at vi som bønder skal strekkje oss lenger for å redusere klimaavtrykket pr produsert eining. Storfe, sauen og geita er avgjerande for norsk matsikkerheit. Eg har sagt det før og seier det igjen, «lets make raudt kjøt great again» !!

Med dette seier eg at kvar nasjon har ei plikt til å produsere mest mogeleg mat ut frå sine ressursar og mogelegheiter. Vi har mykje utmark, vi har mykje reint vatn, vi har store områder der det ikkje er mogelegheiter for kornproduksjon. Kva som er ein berekraftig matproduksjon kan variere både mellom kvart enkelt land og faktisk internt i kvart enkelt område. Er det berekraftig at folk må ut i jobb for å finansiere investeringane innan mjølk ? Er det berekraftig med sau som ikkje går på utmarksbeite ? Er det berekraftig å samle meir av fjørfeproduksjonen i Rogaland / Jæren. Svaret på desse spørsmåla er NEI. 

Er det plass til ammekua i grasområda, ja men det forusetter at ein nyttar utmarka og beiteområda aktivt. Korleis vi som næring, saman med politikarane, utviklar politikken for å sikre rett arealbruk er med dette heile avgjerande. Det betyr at vi må ha ein politikk som sikrar ei større spreiing av grøntproduksjonen enn vi har i dag. Både for å sikre størst mogeleg matsikkerheit og for å sikre eit berekraftig landbruk. Dette er også viktig i forhold til budsjettforliket i 2022, som eg omtalte i stad; det må ikkje forståast slik at «all matproduksjon skal vere lønsam, uansett korleis den blir dreve, og uansett kor i landet» !

Denne veka sende Bondelag, Småbrukarlag og Nortura brev til Sandra Borch knytt til at vi vil stoppe nyetableringar innan eggproduksjonen. Grepet vi ber om blir ei to-delt omsetningsavgift der nyetableringar som tvingar seg inn i marknaden vil få ei høgare omsetningsavgift, enn dei som er i næringa i dag. Dokker dette handlar også om bærekraft. Er det berekraftig å produsere eit par tusen tonn med egg meir enn marknaden etterspør ? Svaret er nei. Det er sløsing med resursar og det er ikkje økonomisk berekraftig for eggbonden. Får ikkje vi løyst denne utfordringa kan det true produksjonen av egg i distrikta.

Klimaavtala med regjeringa forpliktar begge partar. Elvestuen i Venstre meinar det går for smått med landbruket sine tiltak og ser ut til å ville vrake avtala. Dette er alvor, dansk landbruk har CO2 avgift hengane over seg for tida. Vi MÅ levere på eit meir berekraftig landbruk sjølv om dette betyr at vi må strekkje oss lenger. Vi skal ta i bruk klimakalkulatoren og vi skal lage handlingsplanar for klimatiltak på garden, fordi det dokumenterer våre låge utslepp samtidig som vi kan redusere avtrykka ytterlegare. Dette bidreg til ein meir berekraftig matproduksjon.

Vi skal gjennomføre dyrevelferdsprogramma, som no også kjem på sau i slutten av 2023. Det skal bidra til betre drift i produksjonen samtidig som det skal bidra til enno betre dyrevelferd. Dette bidreg også til ein meir berekraftig matproduksjon.

Både forbrukarane og politikarane forutset at Norsk matproduksjon er berekraftig. Ser ein på både medisinbruk og bruk av plantevernmiddel so er vi blant dei beste i verda. Eg meinar dette gjer at norsk planteproduksjon og norsk husdyrproduksjon er heilt i front når det gjeld berekraft. Dette skal vi vere stolte av, og vi som bønder kan faktisk klappe oss litt på skuldra å vere stolte av jobben vi gjer. Vi er endringsvillige, vi er innovative, men matproduksjon må vere lønsam. Landbrukspolitikken er og må vere ein del av distriktspolitikken. Ein spredd matproduksjon er vårt sterkaste kort både i eit beredskapsperspektiv og i eit bærekraftsperspektiv. Klimaendringar og eit mildare klima vi gi oss meir tørke, meir ekstremnedbør, meir smitte både på plantar og dyr. Ein lønsam og spreidd matprodusjon i heile landet er svaret på på desse utfordringane.

For Bondelaget er innteksløft jobb nummer ein, skal vi få dette til må det jobbast på mange frontar. Vi treng sterke stemmer frå Vestland og frå resten av landet. Skal vi få gjort endringar må vi stå saman i landbruket. Endringar i landbrukspolitikken skjer ikkje i sosiale media. Endringar skjer i møte med politikarane på ulike nivå, der har vi alle ei rolle å spele uansett om vi sit i lokallag, fylkeslag eller sentralt.  Vi må bli einige om løysingane og jobbe saman for gjennomført det vi ynskjer. Og vi må bli flinkare til å kommunisere ut løysingane vi jobbar for å sette agenda for ei utvikling av landbruket.

Mykje er bra i norsk landbruk og jobben som matprodusent er etter mi meining svært verdifull. Bondelaget gjer ein god jobb, og rammevilkåra for å produsere mat hadde vore noko heilt anna utan eit bondelag, ja faktisk hadde norge vore heilt annerleis utan eit Bondelag. Sjølv om vi har utfordringar må det vere lov å seie at vi elskar jobben med å produsere mat. Det er framtidsretta å investere på eigen gard. Saman skal vi sørge for at sikkerheitsnettet blir betre, risikoen lågare og at investeringar og drift av norsk matproduksjon blir meir lønsam.

Det er berre å brette opp ermane folkens, «Det er itjno nå som kjem tå seg sjøl» .

«Det er itjno nå som kjem tå seg sjøl»