Vestland Bondelag gjennomfører denne veka 4 regionmøte der målgruppa for deltaking er tillitsvalde i dei lokale bondelaga.  Fylkeslaget er så heldige å ha fått deltaking frå leiinga i Norges Bondelag på kvart av møta.  Måndag kveld deltok generalskretær Sigrid Hjørnegård, onsdag stiller 1. nestleiar Egil Chr. Hoen, torsdag morgon deltek leiar Bjørn Gimming og torsdag kveld er turen komen til 2. nestleiar Bodhild Fjelltveit.  Møta er digitale og det er framleis høve til å melde seg på møta som skal gå onsdag 26.01. og torsdag 27.01.

I Sigrid Hjørnegård si innleiing var det hovudfokus på inntekt og den alvorlege økonomiske situasjonen i norsk landbruk.  Innleiingsvis sette ho også norsk matproduksjon inn i eit samfunnsperspektiv ved å peike på samanhengen mellom bondeinntekt og norsk mattryggleik.  Det er viktig at mange fleire engasjerer seg og forstår denne samanhengen.  Ein samanheng som for oss i landbruket er sjølvsagt. 

Fylkesleiar Anders Felde er heilt samd med Hjørnegård;  - Skal Norge trygge sin mattryggleik som nasjon må det produserast meir mat på eigne ressursar.   Areal og produksjonsgrunnlag i heile landet må takast i bruk.   Ikkje byggast ned.   Mattryggleik gjennom eigen matproduksjon treng ein berekraftig økonomi og ein berekraftig produksjon.  Utan inntekt til den som skal gjere jobben med å produsere maten vert det ikkje produsert mat !!  Det er i denne kvardagen norske bønder står i desse dagar, med stor prisauke på avgjerande faktorar i produksjonen som elektrisk straum og gjødsel.  Det er i dette arbeidet  Vestland Bondelag og Norges Bondelag jobbar kvar einaste dag for å sikre rammevilkåra til norske bønder, slik at Norge som nasjon kan styrke sin mattryggleik og ikkje svekke den, avsluttar Felde som er svært glad for at leiinga i Norges Bondelag medverkar i regionmøta.