- Vi skulle gjerne hatt litt regn, men dei fleste har nok vatn enno. Vi ser ein del bringebærfelt som ikkje har det så bra så no går det i bladgjødsling og ekstra stell, seier Stine Huseby rådgjevar frukt og bær hjå NLR på Leikanger.

I hennar område har det gått litt betre enn frykta med moreller, men bringebæra kan bli dårlegare enn først forventa. - Ein tidleg vår gjorde at bringebæra vakna ut av kvilen i februar og byrja å vekse. Kulden som kom i mars sette nok plantene tilbake, og no ser ein dette som gulning av bladverket, forklarar Huseby.

Frå bringebærsesongen i fjor. Det er dette vi alle gler oss til; å nyte ferske, norske bringebær!

Jordbæra har klart seg betre. Tørt vêr er bra for jordbærblomstringa, då det blir mindre fare for sopp. Den plutselege varmen har gjort underverk for utviklinga og no ligg ein faktisk litt framfor normalen. - Noken av tunnellane har allereie byrja plukkinga av jordbær, samt veksthus i Innvik. Og meir blir det i vekene som kjem, seier Huseby.

For morellene sin del ser det litt betre ut enn frykta. - Grunna kaldt vêr vart det ei dårleg blomstring, men det ser ikkje fullt så gale ut som vi var redd, seier Huseby. Det blir likevel ikkje ein normal sesong, då det er ein del felt som ikkje har særleg med bær. Det same gjeld for plomme, her vert det lite frukt òg. - For eplene er det større variasjon, men mitt generellle inntrykk er at det skal gå greit, seiser Huseby.

Fjoråret var eit godt år for morellene.

At det blir mindre plommer i år, støttar Rune Vereide opp om. Han er rådgjevar på frukt og bær ved NLR sitt Sandane kontor. - Akkurat no ser vi kor mykje plommer som heng att, og det er det vi har vore mest spent på. Vi ser at det er mykje kartfall, så det blir ein betydeleg reduksjon på plommene i år, seier Vereide.

- Bilete viser plommesorten Mallard med mykje kartfall grunna kaldt vêr under blomstring. Kun den store karten blir utvikla til plomme, seier Vereide.

Varmen som har kome no har kompensert og meir enn det for kulden i mai. Men det hadde vore klart betre å hatt varmen jamnt fordelt. Bringebæra blomstrar no og dermed vart ikkje kulden noko problem for sjølve blomstringa. men nokre av felta tok skade av kulden og er ikkje i den beste standen til å handtere varmen som kjem no. - No er det viktig å handtere varmen og syte for at ein får ut nok gjødsel og vatn i hagane. Jordbæra i Vereide sitt område ser ut til å klare seg bra, nok vatn og gjødsel er stikkord her òg.

- Det er vanskeleg å seie korleis sluttresultatet blir, for det er store variasjonar frå dei ulike plassane og produksjonane. Men eg trur vi kan seie at det blir nok ikkje eit middels år for plommer og moreller, seier Vereide.