CWD: Beitebrukarar i Nordfjella og Hardangerviddasona kan søkje om å få dekka ekstrakostnader

- Beitebrukarar som er omfatta av forskrift som skal hindre vidare spreiing av CWD og som har ekstrakostnader knytt til dette kan no søkje om å få dekka dei ekstraordinære kostnadene.
Dette vedkjem beitenæringa i Vestfold og Telemark, Vestland og Viken som er omfatta av forskrifta for å avgrense spreiing av Chronic Wasting Disease (CWD) hos hjortedyr. Beitebrukarar kan søkje om tilskot for å dekke dei ekstraordinære kostnadene
Her finn du brev med utfyllande informasjon
Her finn du samla regelverk knytt til handtering av CWD i Norge
Søknadsfristen er 14. oktober og beitebrukarane må søkje via Altinn