GOD HJELP: Jan Bjarte Skrøppa meiner geitene gjer ein fantastisk jobb i byggefeltet Slåttebakkane i Sunnfjord kommune. Dei held vegetasjonen nede, samtidig som dei er til stor glede for borna rundt.

 

- Dei gjer ein utmerka jobb

KJEKT MED GEITER: Jan Bjarte Skrøppa tykkjer geitene er både nyttige og fascinerande dyr.

 

- Geitene gjer utvilsomt ein god jobb seier Jan Bjarte Skrøppa.

Vestland Bondelag møter Skrøppa ein solfylt haustdag i september. Rundt han trippar to geiter. Den grå heiter Silke, og den kvite har fått namnet Molly.

- Molly har eg hatt sidan starten i 2015. Ho har oppført seg som ei utmerka geit i byggefeltet. Det gjeld å ta vare på dei rette individa. Det er ikkje gitt at det går bra å ha geiter i byggefelt. Dei kan fort hoppe over gjerdet om dei får lyst til det.

Skrøppa fortel at han har vore heldig. Geitene har gått, og går framleis der dei skal. Det er inga sjølvfølge.

- Geiter er geiter. Nokre geiter er vanskelege å halde bak gjerdet, medan andre er enklare.

 

Dyrehald krev god kunnskap

DAGLEG TILSYN: Skrøppa ser til at geitene har det bra kvar einaste dag.

 

Saman med familien bur han i Slåttebakkane. Like ved bustaden såg han fellesområda gro att med stadig meir vegetasjon. Ein idé vart tent. Kunne geiter gjere ei nytte?

Etter å ha leika med tanken eit års tid, gjorde han ord til handling. Han fekk med seg grannelaget, og ei heil løype måtte gåast opp. Registrering hos Mattilsynet, og løyver frå naboar og kommune. Våren 2015 var dei første geitene, eller bygeitene som Skrøppa kallar dei, på plass.

- Det å jobbe med geiter er veldig triveleg, slår førdianaren fast sju år seinare.

Heilt ukjend med geitehald var han likvevel ikkje. Skrøppa fortel at bestefar hans hadde geiter i Presteholten, og at han nærast vaks opp med dyra medan byen vaks rundt dei. I tillegg hadde han geiter sjølv i slutten av tenåra.

- Det er artige dyr å halde. I tillegg gjer dei ein veldig god jobb, det er fascinerande dyr å sjå på. Fine.

 

Ser enorm effekt

GODE DAGAR: Molly lever eit godt liv på beite i Slåttebakkane. Nett no er dei to firbeinte på beite, i periodar har dei vore fleire.

 

Dei siste somrane har geitene beita ned ulike fellesområde i Slåttebakkane. Nokre stader er tapt utsikt komen attende.

- Eg ser veldig fort effekten av geitene som beitar her. Småskogen forsvinn i løpet av nokre få dagar.

Skrøppa er sikker på at ordninga med geitene sparar han for mange dugnadstimar, men arbeidsledig vert han likevel ikkje med det første.

- Litt timar blir det uansett. Akkurat kor mange vågar eg ikkje rekne på. Då kan eg misse motet.

 

Kjekt med gode tilbakemeldingar

GODT MOTTATT: Etter geitene flytta opp til Slåttebakkane har Skrøppa fått mange positive tilbakemeldingar. Både frå små og store.

 

For bebuarane i Slåttebakkane har geitene blitt eit kjærkome vårteikn og eit populært turmål i nærmiljøet. Ikkje minst for dei mange barnefamiliane i området. Og den lokale barnehagen besøker hyppig geitene gjennom sommarhalvåret.

- Tilbakemeldingane har vore positive. Folk tykkjer det er kjekt å ta med borna og barneborna sine å møte geitene. Dei får også sett effekten geitene gjer med å halde skogen nede, det er utvilsomt veldig positivt, seier "bygeitebonden" som sjølv tek det meste av dagleg tilsyn og arbeid med geitene. I tillegg får han god hjelp av ein nabo.

Drivkrafta er å gjere noko for fellesskapet.

I det vi skriv oktober er planen at geitene vert gåande i byggefeltet nokre veker til. Snart forlet dei Slåttebakkane for sesongen. Då skal dei til Presteholten på motsett side av Førde sentrum, der dei har "vinterbustad". Men til våren blir dei igjen å finne i liene over E39 øvst i Halbrendslia i Førde.