Tysdag den 4. mai leverte staten tilbodet i jordbruksforhandlingane, og i dag varsla jordbruket at dei bryt  årets jordbruksforhandlingar.  

-Vi treng å styrke økonomien i norsk matproduksjon for å kunne oppretthalde den unike norske matproduksjonen der heile landet vert teke i bruk.  Eit skikkeleg inntektsløft må på plass for at inntektsgapet til andre grupper skal verte redusert.  Samstundes er ein investeringspakke heilt nødvendig for at mjølke- og storfebønder i Vestland og resten av Norge skal kunne klare det store løftet det er å bygge om fjøsa frå bås til lausdrift.  Dei mindre mjølkebruka har ikkje økonomiske musklar til å klare å innfri Stortinget sitt krav utan styrka investeringsverkemidlar.  Det var det ikkje mogleg å få til med regjeringa sitt tilbod, seier Anders Felde

 

 Gjeld  framtida til norsk matproduksjon

- Det er frustrasjon, skuffelse og sinne mellom bøndene, men det verkar ikkje som om regjeringa har forstått alvoret i situasjonen, seier Felde.  

Jordbruket leverte eit krav som ville føre landbruket i ein annan retning enn den regjeringa har ført dei siste åra.  Det handlar om å ta grep for at bonden skal kunne halde fram med å dyrke jorda og vere til stades over heile landet.  Det trengst eit heilt nødvendig inntektsløft som eit første steg på vegen for å redusere inntektsgapet og heve inntektsnivået i jordbruket.

- Kvardagen til mange bønder har vorte vanskeleg fordi inntektene er for dårlege.  Mange har nådd grensa for effektivisering.  Nok ein gong baserer staten seg på at den norske matprodusenten må springe fortare og fortare for å vere i nærleiken av same prosentvise utvikling i inntekt som andre yrkesgrupper.   Det er provoserande at regjeringa ikkje ser større trong for å styrke økonomien i norsk matproduksjon gjennom å tette inntektsgap til andre yrkesgrupper.  Vi klarar rett og slett ikkje å springe mykje fortare!  Resultatet vert endå færre matprodusentar og areal som går ut av produksjon i distrikt som Vestland.

 

Det vart brot fordi Regjeringa sitt tilbod:

  • Ikkje tek den økonomiske situasjonen i landbruket på alvor
  • Ikkje reduserer inntektsgapet slik Stortinget har bedt om
  • Ikkje sørger for investeringar til jordbruket for å kunne gjennomføre Stortinget sitt krav om lausdrift
  • Held fram dagens retning mot større og færre bruk

Når jordbruket sine organisasjonar no har brote årets jordbruksforhandlingar, går tilbodet frå regjeringa til Stortinget, som skal gjere vedta jordbruksoppgjeret for 2021.    

-Tilbodet viser manglande vilje til å følgje opp Stortinget sin politikk om at inntektene til bønder skal nærme seg andre grupper, og ha eit landbruk over heile landet, avsluttar Felde.