- Det er motiverande for oss å sjå at me har folk med oss i arbeidet for norsk matproduksjon.
Som takk for innsatsen, Knut Steinar Engelsen, Nils Dale Eide og Johannes Landmark fekk diplom , huglopoteter og bondevennskjorte av Erik Willgohs.   utnemnde me følgjande til "Bondevenner", fortel Torunn Eikeland, leiar i Stord Bondelag:

* Fengselet mat og vinkjeller v/kjøkkensjef Carina Horvei, som viser stor interesse for å nytta lokale råvarer på sin meny.Me håpar at dei får til eit samarbeid med lokale bønder slik at dei får meir lokal mat på menyen!

* Turid Østern Fadnes i Sentrumsforeningen. Turid er aktivt med å arrangere «Skogdagen» første laurdagen i desember. Dette er blitt ein fin møteplass for bønder og dei handlande. Ho ynskjer å samarbeide med oss om fleire arrangement som t.d. torgdag og liknande.

* Johannes Landmark,Nils Dale Elde og Knut Steinar Engelsen. Dei har på mange måtar vist at dei støttar opp om arbeidet til bøndene og er rause med oppmuntrande ord.

* Magne Kydland i avisa «Sunnhordland». Han har skrive fleire leiarartiklar til støtte for bøndene.

Kvar "Bondevenn" fekk diplom, T-skjorte og poteter frå Huglo som prov på støtta dei gjev oss!     

- Me håpar og trur at det er mange fleire «Bondevenner» i kommunen, men i denne omgangen er det desse som har fått utmerkinga frå oss, avsluttar Torunn Eikeland.

 

Carina Horvei frå Fengselet mat og vinkjellar fekk takk for innsatsen frå Torunn Eikeland. Turid Ø. Fadnes frå Sentrumsforeninga får utmerkinga av Erik Willgohs.
"God penn for landbruket" fortener utmerkinga som bondevenn og ein pose med poteter frå Huglo! Magne Kydland (t.v) og Erik Willgohs. Alle Bondevenner fekk diplom