Nyutnemnt Bondevenn og sokneprest i Strandebarm, Vegar Emil Hansen, er ein god støttespelar for bøndene. Før hausttakkefesten i bygda fekk bøndene vere med å pynte i kyrkja.

- Det var veldig fint at vi fekk lov å vere med å pynte og å lage til, seier leiar i Strandebarm-Tørvikbygd Bondelag, Annhild Oma. – Under hausttakkefesten tok soknepresten oss med i bøna og bad om at bøndene må få betre vilkår å drive under. Ikkje lenge etter vart tollavgifta (ost og kjøt) ordna!

Kampanjen med Bondevenner held fram, og andre lokallag må gjerne kaste seg rundt og utnemne eigne Bondevenner i bygda.

Prest Vegar Emil Hansen. Foto Kåre Magnus Oma