Vestland Teater har i jubileumsåret til Norges Bondelag laga framsyninga Bondetinget. Regissøren bak framsyninga er Torkil Sandsund og på scena står Kyrre Eikås Ottersen. Framsyninga har premiere i Førde 27.august, og legg deretter ut på ei rundreise i fylket med 20 framsyningar fram til 25. september.

Om stykket skriv Vestland Teater følgjande: 

Landbruket har vore i ei rivande utvikling. No produserer drygt 36.000 bønder meir mat, og det billigare, enn 350.000 bønder gjorde etter krigen. Aldri før har så mange produsert så mykje for så lite.

Noko er stole frå dei norske distrikta. Konsekvensane er utarma bygder, nedlagde gardar, utdøyande bygdesamfunn og eit raseri som feiar over landet vårt i val- og jubileumsåret 2021. Korleis kom vi hit? Og vil bygdene våre overleve?

Framsyninga «Bondetinget» i regi av Torkil Sandsund er ei undersøkning og eit djupdykk ned i historia. Vi samlast til bondeting for å granske paradoksa mellom uttalt landbrukspolitikk og dei faktiske resultata for utkantane frå krigen og fram til i dag - kort og godt finne sanninga om kva som skjedde.

Les meir og ting billettar her.