Bønder stiller opp for borna
I fjor gjekk det rykte om at trøtraktoren til Modalen Barnehagen var utsliten etter mykje bruk. Modalen Bondelag stilte difor opp med to flunkande nye trøtaktorar i julegåve. I år gjentok lokallaget suksessen.
Etter suksessen i fjor tok Modalen Bondelag også i år turen til Modalen Barnehage. I fjor fekk dei to trøtraktorar av typen John Deere. Bøndene er ikkje alltid heilt einige om kva traktor som er best, eller kva "farge" traktoren skal ha, så i år kjøpte me fleire traktorar, men med anna farge.
Ein heilt vanleg onsdag føremiddag møtte bøndene og styremedlemmer i Modalen Bondelag Stian Steinsland, Endre Mo og Ann-Jorunn Farestveit opp i barnehagen med to store pakker. Borna var sjølsagt spente, og to av dei vart valde til å pakka opp. Inni var der 2 raude traktorar av typen Massey Ferguson. Dei vart tekne i bruk med ein gong!
Barnehagetantene fortel at traktorane dei fekk i fjor har vore veldig populære, og at dei har vore mykje brukt. Det vil me tru desse vert også.
Borna tok seg tid til å framføra "på låven sitter nissen" for oss. Og dei song så fint at me nesten måtte tørka tårene.
Før me reiste heim fekk borna beskjed om at om dei pungterar så kan dei rinja Modalen Bondelag, så kjem me å ordnar det.
Tekst og bilete: Ann-Jorunn Farestveit
Utdeling av trøtraktorar i fjor.
Stian Steinsland og Endre Mo med pakker til barnehagen
Julegåva er pakka ut
Populær Massey Ferguson
Frå Avisa Hordaland