Bøndene vil behalde felles landbrukskontor

Bøndene på Stord protesterer når kommunen vil seie opp samarbeidsavtalen med Fitjar om felles landbruks- og miljøkontor.
Rådmannen har foreslått å seie opp samarbeidet med Fitjar om eit felles landbruks- og miljøkontor. Bøndene er skeptiske til at Stord kommune skal løyse alle oppgåvene til landbrukskontoret åleine.
- Me er særs nøgde med den breie og gode fagkompetansen kontoret har i dag. Konsekvensen, slik me ser det, er ei svekking av servicen og fagkompetansen frå Stord kommune til landbruksnæringa, skriv lokallagsleiarane i Huglo Bondelag, Erik Willgohs og Stord Bondelag, Torunn Eikeland, i eit brev til politikarane.
Les brevet frå bondelaga til politikarane om Stord-Fitjar Landbruks- og miljøkontor.
Avisa Sunnhordland har ein artikkel om saka. Artikkelen er open for abonnentar: Bønder protesterer.