Nyttårsmøtet til Vestland Fylkeskommune vart arrangert som heildigitalt møte 5.januar. Tema for møtet var klima og miljø som premiss for samfunnsutviklinga og styrka vekstkraft i heile fylket. Ulike aktørar frå fylket var inviterte til å halde innleiing, og fylkesleiar Anders Felde, heldt innlegg om landbruket i Vestlland.

- Landbruket i Vestland er noko vi kan vere stolte av alle saman! Vi produserar og leverar svært mykje av landbruksprodukta i landet, og skapar mange arbeidsplassar både direkte og indirekte knytt til næringa og held i hevd eit fantastisk kulturlandskap som tiltrekke seg besøkande frå både fjern og nær. Dessutan har norsk landbruk eit mindre klimaavtrykk på produksjonen sin samanlikna med andre land.

Bruk av plastikk i landbruket har vore oppe i media i seinare tid, med funn av plast i Vestlandselvar som stamma i hovudsak frå landbruket. - Vi klarar nok ikkje å kvitte oss med plasten i landbruket. Rundballar har kome inn som eit effektivt og godt tiltak for bonden, og gjerne vestlandsbonden spesielt. Vi har mange spreidde teigar og dermed er det meir effektivt å bruke rundballar i det korte haustevindauget vi har. I tillegg er det relativt lite arbeidskrevjande og gjer det lettare for bonden å få unna slåtten åleine. 

Felde kan ikkje love mindre rundballing i tida framover. - Men det vi kan love er at vi skal gjere meir for å unngå at plast kjem på avveger, og vi skal jobbe for å bli endå betre på innsamling og opprydding. Bøndene gjer allereie ein god jobb på plastinnsamling. Heile 85% av landbruksplasten blir samla innatt til gjenbruk. Ser vi på forbrukaren så er det kun ca 25 % av plasten som blir samla inn til gjenbruk. Det er heller ikkje slik at dei resterande 15 % kjem på avveger i naturen, mykje går i restavfall eller blir samla inn utanfor Grønn Punkt systemet. Men når det er sagt så har vi ei målsetjing om å ha ei endå høgare plastinnsamling. Vi skal ta initiativ til betre innsamlingsordningar for å få inn nærare 100% av plasten. Det er ikkje akseptabelt at plasten havnar i naturen!

Felde gjekk vidare til å fortelje om Landbrukets Klimaplan der målet er å kutte utslepp frå landbruket med 5 millionar tonn CO2 ekvivalentar innan 2030. - Det er ein betydeleg jobb, men vi skal greie det! Felde tok føre seg dei 8 ulike satsingsområda til klimaplanen. - Bøndene og landbruket er på hugget! Vi ser at ny klimateknologi kan revolusjonere landbruket. Vi har engasjerte og innovative bønder og vi er med på å utvikle nye løysingar som vil gjere oss endå meir berekraftige. Vi kan med andre ord oppretthalde matproduksjonen vår og samtidig syte for eit mindre klimaavtrykk. Vi er gode i dag, men vi skal bli endå betre, avsluttar Felde.

Møtet vart leia av Jon Askeland og Natalia Golis.