Os kommune har både den lengstsittande Frp-ordføraren og leiar i Frp Hordaland. Bøndene valte difor å rette protesten mot regjeringa og tilbudet i jordbruksoppgjeret mot ordførar Terje Søviknes.

Bøndene kjørte fleire runder i Os sentrum, og blokkerte så rådhuset med traktorar. Dei delte ut den "siste mjølkeskvett" medan leiar i Hordaland Bondelag, Frøydis Haugen, heldt appell foran rådhuset.

Ordføraren var i Oslo, så lokallagsleiar i Os Bondelag, Olav Botnevik, heldt appellen for varaordførar Marie Lunde Bruarøy frå Høgre.

Les apellen frå Os Bondelag

Les meir om aksjonen på Midtsiden og i Bergensavisen.

Bøndene kjem!

Blokade av rådhuset i Os

Erna vil ha oss fjerna

Apell frå Frøydis Haugen

Skal det vere ein siste mjøleskvett før vestlandslandbruket vert lagt ned?

Varaordføraren får ein mjølkeskvett og ein apell