Foto: Kari Sigrun LysneKari Sigrun driv med  frukt, bær og sau på Ljøne i Lærdal. Ho tok over garden  i 2000, og har bygd den opp som ein frukt- og bærgard. I dag er produksjonen mest moreller og aprikos. Ho har også litt tindved og bringebær, i tillegg ein del prøvesortar av ulike slag. Ho har også noko sau, men det vert mindre med sau når talet frukttre aukar. Garden er ein typisk vestlandsgard med lite innmark og mykje utmark, fjell og elv. Lakseturisme er ein del av driftsgrunnlaget.

Kari Sigrun jobbar alltid med utvikling og framgang.
- Eg legg ein del i å halde meg fagleg oppdatert, samtidig som eg alltid ser etter mogleg utvikling og vekst, seier ho.

Ho er opptatt av utmarksforvaltning og nytter eigen utmark til beite, jakt og friluftsliv. Ho er også oppteken av at det skal vere økonomi i landbruket. - Me må bruka resursane våre slik at det gjev ein økonomisk vinst for dei som driv.

Kari Sigrun har hatt tillitsverv i bondelaget i mange år, både i Lærdal Bondelag og i Sogn og Fjordane Bondelag. Ho er medlem av grøntutvalet i Norges Bondelag, der ho jobbar for å utvikle grøntproduksjonen, med særleg fokus på områda i Vestland.

Kva for oppgåver vert viktige i Vestland Bondelag?

- Me må få større fokus på grøntproduksjonen. Frukt, grønt og potet er viktig, og me i Vestland må vere med på den nasjonale satsinga. Ei anna viktig oppgåve er å gjere heile landbruket i Vestland meir synleg og byggje stoltheit rundt arbeidet til Vestlandsbonden.

 – Alle gardbrukarar skal føle at Vestland Bondelag er deira gode faglag. Vi skal vere ein stemme for alle, uansett om dei er store eller små, og uansett produksjon. Vi skal løfte alle, avsluttar ho.

Tindved. Foto: Kari Sigrun Lysne
Foto: Kari Sigrun Lysne