Bondelaget på Etnemarknaden
Etne Bondelag har ei sentral rolle under den årlege Etnemarknaden. I helga stilte dei opp med stor stand med dyr og informasjon om matproduksjon og bondelaget.
På standen kunne dei besøkande sjå ku, gris, sau, geit og høner. Etne Bondelag informerte om landbruk og matproduksjon, og nytta høve til å reklamere litt for bondelaget. Fylkesleiar Frøydis Haugen besøkte standen, og ho vart imponert av innsatsen til lokallaget.
Sjå bilete frå standen på Etne Bondelag sin facebookside.