I haust vann Varaldsøy Bondelag eit besøk av leiaren i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes, etter at dei hadde gitt ei gåve til Malawi-prosjektet. Bartnes kjem til Varaldsøy 16. september, og kvelden før kjem han til bondekafé på Rosendal Fjordhotel.

Lars Petter tar opp tema som landbruksmeldinga, val 2017 og neste jordbruksoppgjer. Frøydis Haugen og resten av styret i Hordaland Bondelag vil også vere med. Her har du sjansen til å stille spørsmål eller kome med innspel.

På kaféen får du kaffi, kake og sosialt samvær. Vi vil også ha loddsal til inntekt for bøndene i Malawi. Les om Malawiprosjektet Bønder støtter bønder her.