Olav Myhr kjem frå Eikanger i Alver kommune.Her driv han med mjølkeproduksjon og har 16 årskyr og ca 100 000 i kvote. I tillegg til dette har han ein flokk villsauer som landskapspleiarar. Tidlegare har han jobba som tømrar, men i dag er han heiltidsbonde. Myhr har god kjennskap til bondelagsarbeidet då han har vore 2. vara i Hordaland Bondelag og hatt ulike verv i Eikanger Bondelag. I tillegg har han hatt verv i NLR Hordaland og politiske verv i Lindås kommune.

På fritida likar han seg godt i båten på fjorden og på støylen til fjells, eller han koblar ut med å løyse kryssord. Han er gift og har to jenter på 19 og 21 år. Jentene har forlatt redet og er no på folkehøgskule og studier i Oslo.

Ikkje vanskeleg å finne roen i so flott landskap.

Ei av sakene som opptek Myhr er krav til lausdrift i mjølkeproduksjonen. - Mjølkeproduksjonen er ein berebjelke i landbruket på Vestlandet, og når omlag 40 % av mjølkebruka har færre enn 15 årskyr er det mange som no går ei utfordrade tid i vente. Dette blir ei viktig sak for oss i styret å jobbe med i tida framover, Investeringsmidlane må aukast slik at alle får vere med.

Vestlandsbonden og dei spesielle naturtilhøva som Vestlandsbonden opererar i, engasjerar Myhr. - Det er fantastisk flott å vere bonde mellom fjord og fjell, men  landskapet vårt betyr òg at me har avgrensa arealressursar og utfordringar som andre meir lettdrivne områder ikkje treng tenkje på.

Kva forventningar har du til å sitje i styret i Vestland Bondelag?

- Eg ser fram til å bli kjent med nye folk. Eg har vore med i Hordaland Bondelag som vara ei stund så eg har noko kjennskap til korleis det er å sitje i styret. So no gler eg meg til å ta på meg nye oppgåver og bli kjent rundt om i dei mange lokallaga. Det er kjekt å få litt andre synspunkt og meiningsutveksling med andre.