Å verve nye medlemer har vore tenkt på og gjort noko med gjennom heile året.  Det er viktig å ta tak i dei nye bøndene som tek over gardane.  Det føler eg vi har lukkast rimeleg godt med held leiaren fram.  Kanskje har leiaren i Lærdal Bondelag eit viktig poeng.  Skippertak er bra, men å tenkjer medlemsverving jamt og trutt heile året er det som dug.

På årsmøtet i Lærdal Bondelag vart sitjande styret attvalde.  Styreleiar melder om at styret, som har ein ung gjennomsnittsalder, er motiverte for å gjere ein god jobb.

  • Leiar: Njål Kaardal Golf
  • Nestleiar: Viktor Yttri
  • Kasserar: Ole Ramshus Sælthun
  • Sekretær: Jens Reidar Ljøsne
  • Styremedlem: Aleksander Skjerping Mo

Blide karar på årsmøtet i Lærdal Bondelag  F.v. Aleksander Kjerping Mo, Per Øvrevoll og Viktor Yttri.