Stiftelsen Norsk Hjortesenter, Norges Jeger- og Fiskerforbund Sogn og Fjordane og Vestland Bondelag kan igjen invitere til viltseminar. Fjorårets seminar vart utsett då det var eit ynskje om å vente til det igjen var mogleg å samlast fysisk. Slik situasjonen er i dag, har ein valt å gå for ei digital løysing istadenfor, for å få gjennomført arrangementet på ein best mogleg måte. Det positive med dette er at det opnar opp for deltaking frå andre kantar av landet som no slepp tenke på reiseavstanden. 

Programmet er basert på dei same tema som var annonsert for Viltseminar 2020, men er no delt inn i tre webinar som vert arrangert tysdag 16.mars kl 19.00 - 22.30, onsdag 17.mars kl 9.00 - 12.30 og 19.00 - 22.30. Målet med viltseminaret er å skape ein digital arena for den kommunale viltforvaltinga, grunneigarar, jegera og andre med interesse for vilt og viltforvalting. Du kan velje om du vil melde deg på eit eller fleire av webinara. Slik håpar vi at vi kan nå ut til fleire og gjere det aktuelt for fleire å delta. 

Var du påmeldt Viltseminar 2020? 

Alle som har betalt for overnatting og mat for Viltseminar 2020 kan få refusjon. Pengane er sperra på ein eigen konto hjå TicketCo og alle vil bli kontakta. Alle som var påmeldt arrangementet i 2020 er òg automatisk påmeldt dette Viltwebinaret.

Vi gler oss til å ynskje dykk velkommen til 3 innhaldsrike webinar. Dette er nytt og spanande for oss, og vi håpar at Viltwebinaret kan bli ein vikitg arena for fagleg oppdatering. Sist men ikkje minst håpar vi at vi igjen kan møtast til tradisjonelt seminar våren 2022.

Sjå program og meld deg på Viltwebinar 2021 her!