Formålet med bondeTV er å gje andre eit innblikk i kvardagen som bonde, og å dele den i sosiale media. Slik kan fleire sjå og få kunnskap om korleis maten vert produsert og korleis livet som bonde er. Vi oppfordrar so mange som mogleg om å bli med, send direkte på Facebook eller Instagram, eller legg ut bilete på sine eigne sosiale media. Flott om de kan sende bilete og videoar til vestland@bondelaget.no slik at vi kan legge det ut i våre kanalar.

Fortel kva som er kvardagen din på garden, vis gjerne arbeidet ditt i frukthage, i åker, på jorde, i fjøsen, på beite. Kva er viktig for at dyra skal ha det bra, vis oss lure tekniske løysingar, fortel om kvifor du ynskjer å vere bonde og produsere mat. 

Vil du vere med  men er litt usikker på korleis du gjer det? 

Korleis sende direkte på Facebook: 
1. Send direkte på Facebook frå din eigen profil, sett personverninnstillingane på innlegget til "offentleg". Logg inn og trykk på "send direkte" i postefeltet. Når du har valt direktesending, skriv inn tittel «BondeTV» og fyll inn i feltet «si noe om den direktesendte videoen din». Hugs å bruke #bondeTV. Dobbeltsjekk at innstillingane står på offentleg, slik at flest mogleg får sjå ditt bidrag.
Klikk på "send direkte" og køyr på. Max 5 minutter. PS! kan vere lurt å ha ein liten plan på kva du ynskjer å dele før du går i gang. Hugs å halde telefonen "ståande format" når du sender direkte, liggande format vil bli på sida :)
2. Du kan òg poste videoar eller bilete frå garden din som du allereie har tatt. Del det på din egen Facebookside, sett personverninnstillingene til offentleg og merk innlegga dine med #bondeTV. Då kan me dele bileta dine vidare på Vestland Bondelag si side eller Norges Bondelag kan dele vidare.
 

Slik kan du viser fram garden din på Instagram:
1.  Klikk på «Din historie» øverst i venstre hjørne. Del film, legg til bilete eller tekst.
2. Ei historie blir ofte best når du først seier noko om kva du skal vise, og deretter delar ei blanding av foto og film gjennom dagen fordelt på fleire klipp.
3. For å legge til fleire klipp gjennom dagen eller sjå historia di so langt, klikkar du øverst i venstre hjørne igjen og held knappen inne. Avslutt med å takke for deg.
4. Hugs å setje profilen til offentleg (du kan endre tilbake etterpå). Bruk #bondeTV. Tilsvarende framgangsmåte kan òg brukast på historie på Facebook.