Bli med på Bonde-TV
Onsdag 6.mai arrangerer Bondelaget Bonde-TV, og du kan vere med.

Endeleg er det klart for Bonde-TV, og Vestland Bondelag er klar til å dele både bilete og videoar frå alle dei dyktige bøndene våre.
Me vil dele mykje på Facebook og Instagram, men me vil også publisere glimt på nettsida.
Kva er Bonde-TV?
- Innhald filma av bøndene sjølv. Det gjev eit ærleg og usminka innblikk i gardsdrifta.
- Tidlegare har Grøntprodusentar, Fjørfeprodusentar, svineprodusentar, sauebønder, og storfeprodusentar delt glimt frå gardslivet. Suksessen ynskjer me å gjennta i år.
- Om du ynskjer å sjå kva som blir delt, klikk deg gjerne inn på vår Facebooksida, eller nettsida vår.
Vil du dele frå din kvardag?
Send gjerne eit bilete/video til Vestland Bondelag på Messenger. Dersom du ynskjer å dele frå di eiga Facebookside, merk bilete/videoen med #BondeTV, så finn me det der og kan dele vidare.
Me gler oss til #BONDETV 6.mai.