Bergen Matfestival er ein av landets største matfestivalar som legg fokus på all den fantastiske maten som vert produsert i Vestland, både på land og i sjø. I år finn ein lokalmatprodusentane sine bodar på Festningskaien, og totalt 45 produsentar har utstilling. Vestland Bondelag skal også i år ha stand på Matfestivalen, og vert ein del av Ung Matfestival saman med bybonden, naturbruksskulane, VilVite og Akvariet i Bergen. Hovudfokuset vårt er rekruttering, samt å vise fram kva Vestlandsbonden får til (og det er ikkje reint lite). Det vil bli demonstrasjon av både eplepresse, NoFence og smartbjeller. Kom gjerne innom oss og hels på. 

Vestland er store på proteinproduksjon i sjø og på land, og dette vert det ei eiga markering på. Dersom du er i Bergen på fredag for å få med deg Matfestivalen, bør du gå bort til scena som er ombord i Stord 1, kl 13.00. Der står  landbruks- og matminister Olaug Bollestad og direktør i Sjømat Norge Geir Ove Ystmark, saman med fylkesleiar  Anders Felde frå Vestland Bondelag. Her kjem praten til å gå om bærekraft, sjølvforsyning, klima og auka verdiskaping. Samtalen vil verte leia av Christian Anton Smedshaug, leiar i AgriAnalyse. Vi kjem til å sende direkte frå dette på Facebook sida vår

Bergen Matfestival må i år òg ta omsyn til situasjonen kring covid-19 slik at det vert ein trygg festival for alle, både arrangørar, deltakarar og produsentar. Les meir om Festivalvettreglar, vaksinepass og testing her.