Marianne Nordhus bur på garden Nordhus på Fjelbergøy i Kvinnherad kommune. Ho flytta tilbake til heimgarden på seinhausten i 2012 og tok over garden i 2019 og driv saman med broren. Med ei grunnkvote på 250 000 tonn er det mjølkeproduksjon som er hovuddrifta, men i tillegg har dei nokre geiter som beiteryddarar, ein gammal hest, nokre høns og hund. Av utdanning har ho gått på Hjeltnes Gartnarskule og tatt fagbrev som anleggsgartnar hjå Wikholm Anleggsgartnermester AS.

Tidleg krøkast... Marianne i sving med riva på heimgarden Nordhus.

 

- Eg pleier aldri å kjede meg, ler Nordhus, og det forstår vi godt når vi høyrer kva ho held på med. I tillegg til å vere bonde og styremedlem i Vestland Bondelag, er ho kommunestyremedlem i Kvinnherad, leiar i Fjelbergsambandet AS og har ulike andre verv i lokale parti og organisasjonar. - Eg er ein optimist, og eg er engasjert i det som skjer rundt meg, Eg likar å vere ute og ha ting å gjere på, og tykkjer det er kjekt å lage ting sjølv og vere praktisk. På hausten er eg med på  hjortejakt, og har mange flotte jaktopplevingar her i området, fortel Nordhus.

For å få tid til alt dette takkar ho broren og resten av familien. - Eg kunne aldri ha vore med på alt eg er med på viss det ikkje var for at eg driv garden saman med bror min. Det gjer til at vi kan dele det mellom oss og vi kan vere med på andre ting, seier ho. - Eg tykkjer det er viktig å komme seg ut og få litt perspektiv av og til, og den moglegheita har me når me driv i lag. Familien set ho svært høgt, og tykkjer det er kjekt å ha ein haug med tanteungar rett i nærheita.

Kva engasjera deg i norsk landbruk?

- Eg er veldig engasjert for eit norsk landbruk og for Vestlandsbonden spesielt. Rammevilkåra for Vestlandsbonden må verte betre, og eg tenkjer spesielt i høve dei nye krava med lausdrift. Her må investeringsmidlane aukast slik at alle får vere med. Det kan òg vere frustrerande å få spørsmål om "kva jobbar du egentleg med ved sidan av å vere bonde". Det burde vere nok å vere bonde. Bonden må ha ei inntekt å leve av som gjer til at ein slepp farte rundt andre plassar for å tene nok pengar til livets opphald. Dette er eit godt tiltak for å sikre god dyrevelferd, at bonden har det bra og kvalitet på det landbruket levera. - Ein skal kunne leve lykkeleg som liten og ikkje bli sett ned på eller tvinga ut i anna arbeid. Ein må ta vare på bøndene, dei er ikkje maskiner sjølv om nokon av oss av og til trur det om oss sjølve, ler Nordhus.

Samfunnsdebatten kring klima og kjøttkutt ser Nordhus òg som svært viktig. - Eg er svært glad i naturen, og er takksam for å ha ein jobb der eg er så tett på naturen. For som bonde er ein tett på naturen, og dermed kanskje den som er mest opptatt av og utsett for klimaendringane. Å få eit verstingstempel i klimadebatten kjennes difor urettferdig. Eg har respekt for at folk et det dei vil, men eg ynskjer òg at ein skal ha respekt for dei ulike næringane.

Kva forventingar har du til å sitje i styret i Vestland Bondelag?

- Eg er veldig spent for me skal jo bygge opp eit heilt nytt lag. Inntrykket mitt so langt er at valnemnda har gjort ein god jobb i å velje ut ein god gjeng som kan utfylle kvarandre bra. So håpar eg me skal klare å vere synlege, vere aktive og på for å Vestlandsbonden og medlemene våra. Det er viktig at me er eit styre for heile Vestland og at det ikkje føles som me er langt vekke frå medlemene våra, seier Nordhus. Sjølv om ho har hatt mange ulike verv opp gjennom tidene blir dette noko anna enn ho har gjort so langt. - Eg ser fram til å komme skikkeleg i gang, og so håpar eg me klarar å gjere ein god jobb for Vestlandsbonden.