Linda Kristin er 47 år og har vore gardbrukar og melkeprodusent i 23 år. Etter 2 år med sjølvstudier valde ho å hive seg med på det 2-årige pilotprosjektet "vaksenagronom" på Mo og Jølster vgs. Her fekk ho mange kollegaer og venner, mykje god kunnskap og ei sjølvkjensle på at matproduksjon og bondeyrket var viktig og riktig. Godt nettverk førte til engasjement på mange arenaer.

I dag driv ho og mannen framleis med melkeproduksjon og har eit såkalla vestlandsk gjennomsnittsbruk på ca 92.000 tonn kvote og 14 melkekyr på bås. Dei har i fleire år og i fleire omganger vurdert ombygging til lausdrift. Linda seier at det til no har vore lite lønnsemd i det, men at bygningens tilstand krev at dei må gjere noko dersom dei skal drive vidare og samtidig sikre rekruttering for framtida.

Linda og mannen har utvikla ei reiselivsnæring på garden ved å bruke dei ressursane som er i gamle vånings- og kårhus. - Det er utruleg kjekt å få presentere norsk landbruk, mat, natur og kultur til gjestar frå heile verda, seier Linda Kristin. Dei siste ti åra har dei drive ein litt luksuriøs form for bed & breakfast, utleige av selskapslokaler og møtelokaler. Dei har i dag 16 sengeplassar, og i 2021 vert det utvida til 22 sengeplassar fordelt på 4 einingar.

- Eg brenn for at vestlandsbonden skal få vilkår til å kunne klare omstillinga til lausdriftskravet i 2034, halde fram med melkeproduksjon og sikre rekrutteringa for framtida, seier Linda Kristin. I samband med dette er eg også opptatt av å sikre framtidsbonden ordna ferie og fritid, og at fødselspermisjoner lar seg gjennomføre for bønder i etableringsfasen.

Eg brenn også for at det skal vere lønnsemd i dei ressursane som er på kvar einskild gard, det vere seg folk, bygninger, innmark, utmark og skog. Covid-19 har vist oss at det er viktig å ha fleire bein å stå på i krisetider. I år har det vore tradisjonelt landbruk og melkeproduksjonen som har vore den stødigaste foten.