MDG lanserte førre veke Stortingsval slagorda; «Bil, biff og borring» ! - So ufatteleg kunnskapslaust og provoserande. Folk flest forstår at oljeboring og biff er i to ulike kategoriar i forhold til klimautslepp og berekraft, men dessverre er gode slagord viktigare enn truverd !  Faktisk har eg tenkt at det er bra vi har MDG som utfordrar dei større partia på klimatiltak, nokon som er truverdige, nokon som set kunnskap først. Dessverre står valkampslagorda i vegen for det som faktisk er eit brukbart partiprogram når det kjem til matproduksjon.   MDG bommar kraftig når dei tek til orde for ei halvering av kjøttproduksjonen og auka mva avgift på kjøt, likeins når dei snakkar ned norsk dyrevelferd.  Mange i MDG har ei nyansert og kunnskapstilnærming til matproduksjonen. Bønder i grøn-sektor burde vore ein alliert for eit parti som tenkjer berekraft. Dessverre står eit kunnskapsfattig kjøtkutt i vegen, slriv fylkesleiar i Vestland Bondelag Anders Felde i eit lesarinnlegg i avisa Firda.  Nedanfor kan du lese resten av innlegget til fylkesleiaren

Fylkesleiar Anders Felde er tydeleg og engasjert i debatten kring kjøt og klimautslepp

Tal storfe (kyr og oksar) har gått ned med ca. 85 tusen sidan 1990, og dette er også hovudgrunnen til at landbruket har redusert sine berekna utslepp sidan 90-tallet. Samtidig produserer kvar kyr meir kjøt og mjølk enn på 90-tallet, forbruket av storfekjøtt har vore stabilt sidan år 2000 (20 kg pr pers). Samtidig har forbruket av kylling auka kraftig sidan 90-tallet. Det er også viktig at ca. 70% av det norske storfekjøtet kjem frå mjølkebesetningar. Det betyr at «biffen» stort sett produserer både mjølk og kjøt. Ser vi på innhaldet av norskprodusert fôr so ligg ammeku og sau/lam på 97%, mjølkeproduksjonen på 82% og kylling på 40%. Når vi snakkar om biff so tenkjer vi først og fremst på storfe. Kua og sauen er ikkje eit problem for Norge, kua og sauen, den firemaga drøvtyggaren, er eit «under» i Norsk matproduksjon. Den forvandlar gras til protein og energi (mjølk og kjøt) som vi menneska er avhengige av for å overleve. Dette blir stort sett gjort i områder der vi ikkje kunne produsert andre vekstar som er aktuelle som menneskemat.

Norsk kjøtproduksjon er noko folk flest kan vere stolte av. Kjøt kan vi ete med godt samvit uansett dyreslag. Vi har dyrevelferd i verdsklasse og lågast medisinbruk i verda saman med Island. Salmonella har vi sett mange oppslag kring siste tida, knytt til importert kjøt frå Tyskland. Salmonella er eit relativt ukjent problem i norsk matproduksjon. I Norge kan vi ete egget ukokt, det tek dei fleste ikkje sjangsen på i utlandet. Vi innfører dyrevelferdsprogram for alle dyreslag som løftar dyrevelferda for alle produksjonsdyr i Norge. Tettare oppfølging frå dyrlegar og mattilsyn er sett i verk i fleire produksjonar, alt med mål om at produksjonsdyr i Norge skal ha det enno betre enn i dag.

Norske bønder går i front i internasjonal matproduksjon. Grisebønder jobbar no med SPF (Speifikk patogen friheit) som enkelt forklart skal gi ein friskare gris som utnyttar fôret betre. Landbruket har forplikta seg til å kutte 5 mill tonn CO2 ekvivalentar innan 2030, utan å kutte kjøtproduksjonen, men ved å produsere maten på ein klimasmart måte.

Norske bønder produserer det forbrukaren vil ha, vi heiar på eit kosthald som består av meir grønt, so lenge eit norsk kosthald tek utganspunkt i kva vi kan produsere i eige land. Samtidig må vi nytte alle resursar i eit land med 3% dyrka jord.  Nær 45% av Norsk landareal er definert som utmarksbeite, og har ei avgjerande rolle for å auke norsk matproduksjon og sjølvforsyning.

Norske bønder arbeider hardt for å produsere kvalitetsmat. Vi treng parti som har kunnskap om matproduksjonen og forstår at Norsk sjølvforsyning er avgjerande, når spesielt den sørlege delen av verda, vil oppleve utfordringar med sine globale bidrag til matproduksjonen, grunna eit meir ustabilt klima.

Gode vårdagar til alle som heiar på den Norske bonden !!!

Helsing Vestland Bondelag   v/ Anders Felde