Meir biogass er eit av måla i Landbrukets klimaplan, og Hordaland Bondelag bidrar med informasjonsflyt, nettverksbygging og kunnskapsdeling. Gardane i Hordaland er ofte for små til å ha eige anlegg, så løysinga er kommunale eller private anlegg som samlar inn husdyrgjødsel frå garder i området.

Det er fleire anlegg under planlegging, og Hordaland Bondelag deltar i eit kontaktforum for biogass og biogjødsel på Vestlandet. Målet med forumet er å organisere kommunikasjon mellom avfallsbransjen, landbruket, transportbransjen, fiskerinæringa, andre aktuelle næringar, myndigheitene og allmennheten. Forumet skal støtte tiltak som kan føre til mindre utslepp frå landbruket, støtte bønder som har lyst til å delta og å etablere og spreie kunnskap.

Bondelaget har også vore med i ei arbeidsgruppe med lokale bønder og renevo som byggjer biogassanlegg på Stord. Dei tilsette ved fylkeskontoret fikk omvising på tomta og meir informasjon om prosjektet.