Saman med sambuar og med god hjelp frå 4 born i alderen 15-22 år driv Lars med mjølkeproduksjon i Tjukkebygda på Voss.  Lars tok over garden i 2001 og har jamt og trutt utvikla bruket og auka produksjonen gjennom ulike byggesteg.   Kring 25 mjølkekyr produserer 195.000 liter mjølk på bruket.  Saman med kring 20 ungdyr og ein liten gjeng med sauer utgjer dette husdyrdrifta på garden. 

Garden til Lars Bø og hans familie i Tjukkebygda på Voss.  Noko brattare terreng i røynda enn det ser ut til på flyfotoet.

Om sommaren er alle dyra på utmarksbeite i den vakre fjellheimen kring Voss.   Det er ikkje berre dyra som likar seg på fjellet.  Lars kosar seg skikkeleg når han kan vere på fjellet der familien har 2 stølar.

Gode landbruksvegar inn i fjellet lettar både transport og tilsyn av dyra når dei går på utmarksbeite.  Og ja, traktoren er grøn for Lars Bø har også tillitsverv i Felleskjøpet :)

Som mange andre kollegaer har Lars fleire føter å stå på.  Han brøytar snø for Voss Herad og leiger seg sjølv ut som sjåfør for større vogntog og lastebilar.  God hjelp på heimebane gjer dette mogleg.  

Forhaustaren er framnleis i bruk på deler av arealet og nattarbeid med slått og rundballepressing er heller ikkje noko ukjend for Lars og familien.  Da gjeld å stå på når vermeldinga er lageleg og då tel vi ikkje nett timar dei dagane.