Møtet var lagt til Bakar Jon sine lokale på Byrkjelo.  Lokallaget hadde invitert Tone Sørland (dagleg leiar) og Inge Lindvik (styreleiar), frå Landbrukstenester Nordfjord. Dei informerte om samanslåinga av avløysarlaga NLT og Gloppen, og drift av laget.

Avløysarlaga må brukast, skal dei halde fram med å vere gode på beredskap når krise og sjukdom oppstår

Representantane frå Norske Landbrukstenester kom med ei sterk oppfording om at bøndene må nytte landbrukstenestene og bruke opp avløysartilskotet sitt. Ta fri og slepp avløysarane til!  Det er ønskje om å få auke i bruk av avløysar på Breim, slik at det blir grunnlag for avløysarring, om ikkje er det og utfordrande å få til sjukeavløysing når det knip.

F.v. leiar i Breim Bondelag Arne Frode Øvreseth, Tone Sørland og Inge Lindvik.  Dei to siste frå Landbrukstenseter Nordfjord.

Er kontingenten i Norges Bondelag rettvis i høve til produksjonen?

I møtet var det diskutert telledato, om det ikkje er mogleg å få eit betre system snart. Der er framleis unøyaktig husdyrregister med for mykje feil ei utfordring. Medlemskontigent til Norges bondelag. Denne er høg for middels store gardar, t.d. 21 kyr med tilhøyrande grasareal får ein særs høg kontigent i høve til dei større som kjem opp på makspris.  Gry Ingvild Agjeld informerte frå arbeidet i fylkesstyret, bruk av aktiv lokallagsmidlar, verving, klimaavtale/-plan og jordbruksforhandlingane. 

 

Godt arbeidande styre med viktige saker i kvardagsbondelaget

Arne Frode Øvreseth (leiar), Ragna Førde, Connie Grindheim, Nils H. Sandal og Roger Egge utgjer styret i Breim Bondelag komande arbeidsår. 

Frå venstre: Ragna Førde, Arne Frode Øvreseth, Connie Grindheim og Nils H. Sandal.

Saker som har vore handtert på styremøta er mellom anna fordeling av overskot frå Open gard, høyring mjølkekvoter, innspel til landbruksforhandlingane, plastinnsamling. Laget har delteke på leiarmøtet, regionmøtet og fylkesårsmøtet.

Det er på plass eit samstyre for bondelaga i Gloppen. Samstyret er samansett av leiarane i Breim-, Gloppen- og Hyen bondelag. For 2020 var dette Arne Frode Øvreseth (leiar for samstyret), Torunn Ommedal Aandstad og Kristen Grov. Samstyret planla eit grøftekurs i år, men dette vart avlyst grunna koronasituasjonen som oppstod våren 2020.

Det har elles vore stort engasjement kring pelsdyrsaka og erstatning til bøndene. Lokallagsleiaren skreiv eit innlegg i Nationen om saka, og peikte på at pelsdyrnæringa må få full erstatning sidan næringa ikkje vart lagt ned på grunn av dyrevelferdsomsyn, men fordi Frp, Høgre og KrF ville styrke seg sjølve politisk.

Arne Frode Øvreseth sitt innlegg i Nationen 01.12.2019

Svar på spørsmål kring pelsdyrhald frå Landbruks- og Matministeren til Stortinget 22.10.2020

Breim bondelag deltok på faglagsmøte på landbrukskontoret med SMIL-midlar, hjortejakta, nye søknadsregler til Innovasjon Norge, og justering av kjerneområde landbruk var tema.

I samband med arbeidet med kommunal klimaplan arrangerte Gloppen kommune og Bondelaget ein klimakonferanse i september. Elisabeth Sæther orienterte om landbrukets klimaplan, og ga ei innføring i bruk av klimakalkulatoren.

Det var gjennomført landbruksplastinnsamling i vår, ei avtale med Retura ga gratis frakt av landbruksfolie, men betaling for frakt av hardplast (td. syrekanner). Det vart samla inn tre 25 kb containere med syrekanner og ein 35 kb container med rundballeplast.

Andre viktige saker har vore E39, og engasjement kring planlegginga av utbygging av vegstrekninga Skei- Sandane, dette berører bøndene i Breim bondelag i stor grad. Det er no skipa grunneigarlag etter initiativ frå Breim bondelag. Bondelaget arrangerte møte på Skei hotell med ordførar og varordførar i Gloppen og i Sunnfjord, bondelaga på Breim og Jølster, og grunneigarlaget deltok. Tema på møtet var å jobbe mot ei samla planlegging av vegstrekninga sidan det ligg tre ulike vegprosjekt inne i dette området.

Engasjer deg 

Konkrete saker på arbeidsplanen til Breim bondelag er grøftekurs, varme arbeider-kurs, sosial kveld, Open gard saman med bygdekvinnelaget.  Flotte aktivitetar

Styret i Breim Bondelag arbeider godt med saker som er viktige for medlemene, men kanskje kunne endå fleire ha engasjert seg og teke turen til årsmøtet i lokallaget.  - Ja, det er kjekt med dyktige tillitsvalde i fronten, men dei treng også tilbakemeldingar på jobben dei gjer og eit klapp på skuldra.    Årsmøtet i lokallaget vere eit slikt høve, så eg håpar endå fleire vil finne vegen til lokallaget sitt årsmøte i 2021.  - Sjølv hadde eg ein flott kveld og ein fin tur over Utvikfjellet, avsluttar Agjeld.