I dag vart kravet i jordbruksforhandlingane overlevert til staten, eit krav med ei ramme på 2 144 millionar kroner. Her vert det lagt opp til eit inntektsløft på 48 700 kr per årsverk, utav dette skal  30 000 kr bidra til ei kronemessig tetting av gapet mot andre grupper. – Dette er eit viktig første steg i rett retning for å gi eit inntektsløft for alle som driv med matproduksjon. Det er avgjerande at regjeringa kjem oss i møte på dette. Inntektsutviklinga har vore svak over lengre tid, og framtidig norsk matproduksjon står i fare. Vi treng eit reelt inntektsløft for å sikre rekruttering og vidare matproduksjon, seier leiar i Vestland Bondelag Anders Felde.

I tillegg til eit kraftig inntektsløft for alle bønder, ynskjer ein i årets krav å styrke dei produksjonane som har hatt dårlegast inntektsutvikling. Sau og lam er ein av produksjonane som vert prioritert, der ein legg opp til eit eige driftstilskot på sau. – Dette er svært gledeleg for sauebøndene i Vestland som står for ca 20 % av saueproduksjonen i Norge. Skal vi oppretthalde denne produksjonen er det avgjerande at dei blir løfta spesielt i inntekt i år, seier Felde.

Kravet er ei retningsendring i norsk matproduksjon, der ein tek tilbake litt av frisleppa som kom i 2014 på kvotar og tilskot på dyr. – Det blir innført tak på tilskot innan sau, ammeku og mjølkekyr, i tillegg krev ein at kvotetaket blir senka frå 900 000 liter til 200 000 liter for geit og 600 000 for kumjølk. Målet er å sikre eit mangfald av gardar og produksjonar over heile landet. Dette er med på å styrke sjølvforsyninga og matberedskapen vår.

Velferdsordningane vert òg prioritert høgt. – Bonden si helse er viktig, og det må vere slik at vert bonden sjuk må bonden få avløysing. Dette er òg eit viktig grep for å sikre god dyrevelferd.

Ekstraordinær investeringspakke

Det blir også kravd ei ekstraordinær investeringspakke på 450 millionar kroner som er spesielt retta mot mjølkebruk under 30 kyr. - Det er heilt avgjerande at vi får gjennomslag for dette i året oppgjer. Mykje av mjølka blir framleis produsert i båsfjøs, og skal vi klare å få dei med oss inn i framtida må staten følgje opp med midlar. Dette vil òg føre til auka aktivitet i byggenæringa kringom i landet og slik gi positive ringverknadar utanfor landbruket, seier Felde.

Alvorets time

Jordbruksoppgjeret er alltid prega av alvor og interesse, men årets oppgjer er eit av dei meir alvorsprega og har allereie fått mykje merksemd gjennom mellom anna #bondeopprøret.

- Den svake inntektsutviklinga har over tid pressa den norske bonden opp i eit hjørne, og mange bønder er usikre på om samfunnet verdset den viktige matproduksjonen. Kravet i årets jordbruksoppgjer tek situasjonen til norske bønder på alvor, og legg grunnlaget for ein framtidig auka norsk matproduksjon spreidd over heile landet. Regjeringa må innfri krava til jordbruket, forhandlingsrommet er lågare enn det tidlegare har vore. Det må allereie i tilbodet frå staten vise at regjeringa også har innsett alvoret i den svake inntektsutviklinga til norske bønder, avsluttar han.