Nils Magne Gjengedal frå fylkesstyret var til stades då Høyanger Bondelag heldt årsmøte i lokallaget. -Med unnatak av at det kjem inn ny representant som 3. vara, tok heile styret attval. Det er flott gjort, og det lovar godt for aktiviteten i laget, seier Gjengedal. Owe Rosenlund frå Felleskjøpet var og invitert til årsmøtet, og innleidde om temaet "Modernisering og produksjonsauke". Felleskjøpet er i gong med å utarbeide konseptet Norges Fjøset, og årsmøtet til Høyanger Bondelag fekk presentert nokre av teikningane. -Vi håpar at 20 fjøs skal stå ferdig i løpet av 2014. Målet vårt er å verte best i alle ledd, og å kunne gje bonden ein gunstig pris ved investeringa, avslutta Rosenlund.

Styret i Høyanger Bondelag fekk fornya tillit og tek fatt på eit nytt arbeidsår: f.v Terje Instefjord, Ant Inge Bosdal, Jan Helge Hjelmeland, Per Johan Brekke og Elfrid Førde.