Norge er eit land med store geografiske forskjellar.  Dette gjer landet vårt til eit fasinerande og flott land å bu og leve i.   Dette gjeld også for alle dei som kjem for å oppleve Norge.   Desse ulike særprega , med busetnad og levande næringsliv i heile landet,  ramma inn av ein fantastisk natur, gjer Norge attraktivt som reisemål. 


Desse  ulikskapane påverkar også  kva landbruksproduksjon som vi kan ha rundt i landet.  

Nokon stader gjer klima og topografi mulighet til å dyrke og produsere det meste.   Andre stader er det få alternativ.    Produksjon av gras kombinert med husdyrhald er det einaste alternativet i mange bygder. Skal vi unngå ei vidare sentralisering av norsk matproduksjon med ein svekka matvareberedskap for store deler av Norge krevst det ein styrka landbrukspolitikk for dei områda som har få eller ingen alternativ til å produsere mat basert på å dyrke gras. 


På Vestlandet er mjølk berebjelken i vår matproduksjon og vår bruk av areala.

Vi produsere 12% av mjølka og 12 prosent av menneska i Norge er busett her.  Sett i lys av sjølvforsyning og beredskap er det viktig, og fornuftig at vi klara å holde mjølkeproduksjonen på dette nivået.
Skal vi klare det, må det vere slik at mjølkebonden på Vestlandet ser framtid i å bli i næringa og utvikle sin gard.


I Vestland har vi framleis 500 båsfjøs!

Beire melkeøkonomi og  ei betra ordning for investering gjer at det er stor interesse for bygging av lausdrift dei siste åra.    Dagens takt i nybygging og ombygging må halde fram til 2034 skal vi klare å få med oss mjølkevolumet inn i lausdrift.  Samstundes er det stor trong for større rehabilitering av eksisterande lausdriftsfjøs.   Difor må økonomien i mjølkeproduksjonen vere slik at mjølkebonden kan gjere desse ulike fornyingane og tilpassingane for framtida.


Når vi ser på dei ulike referansebruka på mjølk, er det stor forskjell mellom lågaste og høgste.

Ser vi på dei siste referansebruk utrekninga er forskjellen på heile 375 000 kroner.  
Det er sone 5b, der Vestland utgjer ein stor del, som ligg nederst i inntekt mellom referansebruka på melk.  Det er ulike årsaker til dette.  Til dømes stor del båsfjøs, mange mindre einingar, og tungdrivne areal som krev mange arbeidstimar.   Differansen syner at dagens landbrukspolitikk på mjølkeområdet ikkje klarar å jamne ut skilnadene mellom dei ulike geografiske regionane.

Plansje differanse

Årets Jordbruksoppgjer hadde som ambisjon å løfte dei produksjonane som låg lågast i inntekt.  Arbeidet må halde fram ved å løfte dei distrikta som ligg lågast i inntekt innan dei ulike produksjonane også. DET VIL VERE HEILT AVGJERANDE for mjølkeproduksjonen i Vestland, den totale matproduksjonn i Vestland og den regionale beredskapen.