Det kjem ikkje av seg sjølv

- I denne salen er me einige om at me skal ha eit levande landbruk i heile landet. Eg tek det som sjølvsagt, at det i det målet ligg at areal i heile landet skal nyttast til produksjon av mat. Slik starta Kjersti Hjelmeland sitt innlegg i årsmøtet i Norges Bondelag.
Det kjem ikkje av seg sjølv!
- Det krev gode langsiktige vedtak i Stortinget, og det krev ei forståing internt i næringa for at dei økonomiske verkemidlane må vektast ulikt mellom produksjonar og landsdelar, held Hjelmeland fram
Det politiske rammeverket for å kunne produsere mat i heile landet har stått seg med ulike regjeringar. Det er det jobben vår i Bondelaget å sikre at det også skjer i framtida.
Me treng jordbruksavtala med sine økonomiske verkemiddel, me treng samvirke si aktive rolle som marknadsregulator, me treng tollvernet og me treng lover som legg til rette for god forvaltning av landbruksareal og landbrukseigedommar.
Me veit det er parti som vil gjera om eller fjerna marknadsregulatorrolla. Vår jobb er å bygge kunnskap hos politikarane, slik at dei forstår kor viktig ordninga er for ein stor matproduksjon på areal i heile landet.
Ein stor matproduksjon i heile landet er avgjerande for vår totale beredskap.
Det er ikkje gitt at vegar mellom nord og sør, aust og vest er opne når ei krise oppstår. Då må me ha ein regional matberedskap. Difor må me bygge kunnskap hos komande Stortingsrepresentantar, med mål om å styrke opp om det politisk vedtekne rammeverket som produksjon av mat i heile landet er tufta på.
Det kjem ikkje av seg sjølv