"Ut å måka skit"
Tysdag 27. mai klokka 19:30 er du hjarteleg velkomen til bondekvelds i Alver. På programmet står kveldsmat, og foredrag med Oddvar Vignes. Tema er psykisk helse. Dette blir ein kveld med humor, latter og refleksjonar.
Radøy Bondelag, Alversund & Seim Bondelag, Austrheim & Lindås Bondelag, Eikanger Bondelag, i samarbeid med landbruksavdelinga for Alver, Austrheim og Modalen kommune inviterer til sosialt treff og bondekvelds med fokus på psykisk helse. Det blir ein kveld med humor, latter og refleksjonar.
-Ta med deg familien, naboen og kom på kveldsmat saman med oss!
Oddvar Vignes, forfattar, humorist og sauebonde, er klar for å inspirere oss denne kvelden. Han er kjent for å dele humoristisk frå eiget liv, men også for å dele refleksjonar om når livet ikkje går så godt. Foredraget "Ut å måka skit" er eit humoristisk foredrag om psykisk helse
Dette vert eit foredrag du kjem til å le masse av, men som og vil få deg til å tenka litt over livet, i bilen på veg heim.
Når: Tysdag 27. mai kl. 19:30-22:00
Kvar: Samfunnshuset «Skogen» på Sletta, Hellandsvegen 445, 5939 Sletta
Arrangementet er gratis
Her er lenke til Facebook arrangementet.
Program:
19:30 Velkomen og innleiing v/ bondelaget og varaordførar Nina Bognøy
20:00 Ut å måka skit, foredrag v/ Oddvar Vignes
21:00 Kveldsmat og drøs
22:00 Vel heim