Kjekk dag i Oppstryn
Søndag 25.august vart det arrangert Open Gard i Oppstryn. Sjå glimt frå dagen her.
VELKOMEN TIL OPEN GARD: Rolf Olav Gjørven (leiar i Oppstryn Bondelag) gleda seg stort til arrangementet.
FJØSOPNING: Arrangementet fann stad på garden til Lasse Hjelle. I tillegg til Open Gard sto fjøsopning på programmet. Det var ein stor dag for Lasse og familien hans.
KOSA SEG PÅ OPEN GARD: Mona Seljeset var ei av mange besøkande på arrangementet.
4H: Fossekallen 4H var på plass, og kunne freiste med kjekke aktivitetar. Vestland Bondelag tok ein prat med Ingvild Berge og Anne Jorunn Brekke
GODE ORD: Silje Guddal hadde ein veldig flott dag i Oppstryn.
VESTLAND BONDELAG: Knut Tore Nes Hjelle frå Vestland Bondelag hadde fleire oppdrag under arrangementet. Ikkje berre skulle han framføre ei helsing, han fekk også æra av å klippe snora under fjøsopninga.
KJEKK DAG: Rolf Olav Gjørven, leiar i Oppstryn Bondelag, var godt nøgd med dagen.