Årsmøtet gjorde framlegg om att styret i Nordre Gulen Bondelag tek kontakt med styret i Gulen og Masfjorden Bondelag, og dei einast om tidsløypa med mål om å verte eitt lag seinast frå hausten 2021.   Norges Bondelag sine retningsliner for samanslåing av lokallag vil verte følgd.

God aktivitet

Årmøtet i Nordre Gulen Bondelag vart  gjennomført i Tveita Gardsmat sine lokale i slutten av oktober.  Bondelaget har sidan siste årsmøtet 2019  hatt julemiddag, delteke på regionmøte og kome med innspel til jordbruksforhandlingane.   Leiaren har også hatt mykje arbeid med hjorteforvaltning.   Innsamling av landbruksplast fekk dei dessverre ikkje til i 2020, men det er ei prioritert arbeidsoppgåve komande arbeidsår.   I september var det medlemsmøte i samband med innspel til kommunal landbruksplan.  Elles har dei styremøte når det trengst. 

Jarle Nordgulen held fram som leiar

Med seg i styret har han: Biletet f.v. Oliver Haveland, Kåre Haveland, ( Jarle Nordgulen) og Roar Elnes.  

Rolf Daniel Midtun sit også i styret.  Vara:Kåre Johan Tveit og Halvor Brosvik.  Leiar i valnemd: Knut Håvard Brosvik.

Tradisjonen tru serverte dei god rømegraut,so stemninga var svært god.  - Eit triveleg årsmøte, sjølv om reisa er lang, seier fylkesstyret sin deltakar Nils Magne Gjengedal.